Rutinehandbok – tilpassa løp mot fagbrev på arbeidsplassar

Lørenskog kommune har laga ei rutinehandbok for innvandrarar om kvalifisering til fagbrev på arbeidsplassen. Rutinane er laga slik at fleire kan delta i opplæring som fører til formell kompetanse og dermed høve til varig tilknyting til arbeidslivet.

Oppsummering

  • Utfordring:

    Mange vaksne innvandrarar har ikkje høve til å delta i ordinære utdanningsløp på grunn av språkferdigheiter, mangelfull grunnleggjande utdanning, familiesituasjon eller økonomiske avgrensingar. Dei treng formalisert kompetanse for å få varig tilknyting til arbeidslivet.

    Det er behov for ein metode og konkrete verktøy som bidrar til å auke den formelle kompetansen til vaksne innvandrarar.

  • Tiltak:

    Eit tilpassa løp mot fagbrev på ulike arbeidsplassar. Løpet gjeld for tre ulike fagområde: barne- og ungdomsarbeidarfag, reinhald og restaurant- og matfag. 

  • Resultat:

    Fleire vaksne innvandrarar får fagbrev og dermed høve til fast jobb og økonomisk sjølvstende.

Sist oppdatert: 23. august 2022

Se flere eksempler tagget med

Kommuner, Introduksjonsprogram, Ut i arbeid, Arbeidssøkere
Lørenskog

Mål og målgruppe

Målgruppa er innvandrarar over 25 år med rett til vidaregåande opplæring. Dei må ha minimum eitt års relevant erfaring frå eit fag og norsknivå tilsvarande A2-nivå. Deltakarane i ordninga kan vere flyktningar som deltar i introduksjonsprogrammet til Lørenskog kommune, deltakarar frå kvalifiseringstiltaket Jobbsjansen, mottakarar av tenester og ytingar frå NAV som einslege forsørgjarar eller arbeidssøkjarar og ufaglærte arbeidstakarar utan fast tilsetjing.

Målet er at fleire vaksne innvandrarar får høve til fast tilknyting til arbeidslivet.

Bestått fagprøve i barne og ungdomsfaget. Foto: Lørenskog kommune.

Om tiltaket

Lørenskog kommune har i tett samarbeid med Strømmen vidaregåande skole, Lørenskog vidaregåande skole, Lørenskog vaksenopplæring, Viken fylkeskommune, ulike kommunale og private arbeidsgivarar og dessutan godkjende lærestader innanfor dei ulike bransjane utvikla ei rutinehandbok. Handboka "Alternativt løp mot fagbrev på arbeidsplass" gjeld for tre fagområde: barne- og ungdomsarbeidarfag, reinhald og restaurant- og matfag.

Rutinehandboka viser konkret korleis kommunen og sentrale aktørar kan samarbeide for å lage eit godt opplæringstilbod gjennom organisering og gjennomføring av tilbodet, økonomisk ramme, rekruttering og oppfølging av deltakarar.

Rutinehandboka beskriv eit tilpassa tilbod for fagbrev på arbeidsplassen, og tar utgangspunkt i erfaringane og arbeidet som er gjort i Lørenskog over tid.

Rutinehandboka fungerer som eit verktøy for fagpersonar som ønskjer å utvikle ulike kvalifiseringstiltak for å byggje opp formell kompetanse for målgruppa.

Lørenskog kommune har desse resultata per 1. desember 2020:

  • Fagprøve: av totalt åtte deltakarar som blei tatt inn i fagbrevordninga i 2018, har sju bestått skriftleg eksamen. Fem deltakarar har bestått fagprøven, og to skal ta fagprøven våren 2021.
  • Norskprøve: sju deltakarar har nådd målet med B1 i munnleg og A2 i skriftleg. Éin deltakar har ikkje tatt norskprøvar. B1 og A2 er i mange kommunar eit krav for å få jobb som barne- og ungdomsfagarbeidar.
Restaurant og matfagklassen. Foto: Lørenskog kommune.

Organisering og økonomi

Det er flyktning- og innvandrartenesta i Lørenskog som har utvikla og leier ordninga i tett samarbeid med Lørenskog vaksenopplæring, vidaregåande skolar, Viken fylke og arbeidsgivarar. Koordinatorar frå flyktningtenesta, norsklærarar og faglærarar samarbeider tett rundt kvar enkelt deltakar for å gi eit tilpassa opplæringsløp. Fagbrevordninga er finansiert av sektor for oppvekst og utdanning i Lørenskog kommune, i kombinasjon med tilskotsmidlar frå IMDi, Jobbsjansen og Viken fylke.

Rutinehandboka er organisert som eit prosjekt og er ein forsterka og utvida versjon av ordninga «Fagbrev på jobb».

I prosjektet har Lørenskog kommune gjort desse unntaka og vurderingane frå ordninga «Fagbrev på jobb»:
– unntak frå regelen om at deltakaren skal vere i eit fast arbeidsforhold
– mål om at deltakarane etter fullført opplæringsløp skal ha norskferdigheiter tilsvarande B1 munnleg

Kravet til norskferdigheiter gjeld ikkje for inntak til ordinær vidaregåande opplæring.

Alternativt løp mot fagbrev på arbeidsplass tar utgangspunkt i erfaringane og arbeidet som er gjort i Lørenskog over tid, og det er dermed ikkje gitt at det er mogleg å overføre metodikken direkte til andre kommunar med andre føresetnader, strukturar og arbeidsformer.

Fagbrevklassen i barne og ungdomsarbeid. Foto: Lørenskog kommune.
Fagbrevklassen i barne og ungdomsarbeid. Foto: Lørenskog kommune.

Slik kjem du i gang

  • Sjekk ut og gjer deg kjend med ordningane «Fagbrev på jobb» og «Praksiskandidatordninga».
  • Få oversikt over kor mange aktuelle kandidatar de har i din kommune/ bydel.
  • Opprett samarbeid med aktuelle arbeidsgivarar, vaksenopplæring og vidaregåande skolar.
  • Undersøk mogleg finansiering gjennom IMDi, fylkeskommunen og Nav.

Vedlegg

Rutinehandboka

Kontaktinfo

Koordinator for fagbrevordningen: Solveig Bråten

E-post: solbra@lorenskog.kommune.no 

Telefon: 67 93 40 00

E-post: postmottak@lorenskog.kommune.no

Fant du det du lette etter?