Gloppenmodellen – ein fagutdanningsmodell
Gloppenmodellen er ein annleis måte å drive fagutdanning. Det er behovet i marknaden saman med ynskje til deltakarane som saman avgjer kva utdanningar som vert sett i gang.
Oppsummering
-
Utfordring:
Målgruppa treng formell utdanning for å komme inn på arbeidsmarknaden og få varig tilknyting til arbeidslivet. Det er utfordrande for målgruppa å delta på ordinær vidaregåande utdanning. Det kan være på grunn av språk, at dei mangla grunnskule, familiesituasjonen eller manglande lærestrategiar.
Behovet for fagarbeidarar var stort og kommunane hadde ei stor arbeidskraftreserve som med tilpassa opplæring ville kunne få jobb. For å få til dette var samarbeide på tvers løysinga. Det er utfordrande med tanke på at NAV, fylkeskommune og kommune har ulike regelverk som skal passe saman i eit samarbeid.
-
Tiltak:
Gloppenmodellen – ein fagutdanningsmodell starta i Gloppen kommune i 2013. Den er no eit tilbod ved alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord og er nytta på ulike fagutdanningar.
-
Resultat:
Fleire flyktningar og minoritetsspråklege har fått fagbrev eller er i utdanning. Dei som har fått fagbrev eller autorisasjon har fått jobb og er økonomisk sjølvstendige. Dei er godt integrert og vert gode forbilde for barna sine og andre I miljøet. Samarbeidspartane i dette arbeidet ser at denne måten å leggje opp utdanninga på gjev ei bratt lærekurve både på språk og sjølvstende.
Se flere eksempler tagget med
Kommuner, Introduksjonsprogram, Ut i arbeid, Flyktninger, ArbeidssøkereMål og målgruppe
Målgruppa er flyktningar i introduksjonsprogram, flyktningar og minoritetsspråklege som er prioritert av NAV, registrerte arbeidssøkjarar som er prioritert av NAV og andre deltakarar med vaksenrett. Gloppen kommune har òg opna for å gje tilbod til ungdom som av ulike årsaker har brukt opp retten sin til vidaregåande skule eller har utfordring med gjennomføring.
Flyktningar og minoritetsspråklege har hovudprioritet når det gjeld inntak. Hovudmålet er å kvalifisere fleire flyktningar og minoritetsspråklege til fagbrev og jobb.
Illustrasjon 1: Målgruppe for Gloppenmodellen, i prioritert rekkefølgje (Kjelde: Modellen er henta frå Rettleiar 2021, Gloppen kommune)
Gloppen-modellen
Gloppenmodellen er ein samarbeidsmodell der NAV, fylkeskommune, kommune og næringslivet jobba saman. Det er òg ein samfinansieringsmodell der NAV og fylkeskommunen deler på utgiftene. Gloppenmodellen er godkjent i Statens lånekasse som ein vekslingsmodell.
Hovudmålgruppa er flyktningar og minoritetsspråklege. Dersom det er ledige skuleplassar utvida vi tilbodet til å gjelde andre som har behov for tilrettelagt undervisning, eller som treng eit utdanningstilbod i eigen bu- og arbeidsregion grunna for eksempel familiesituasjon.
Målet med Gloppenmodellen er å gje fleire ei fagutdanning for å kvalifisere dei for behovet i arbeidsmarknaden.
Målet er å lage gode fagutdanningstilbod som er tufta på behovet i arbeidsmarknaden. Det er laga gode samarbeidsavtaler for å sikre samarbeid gjennom heile utdanningsløpet.
Illustrasjon 2: Praktisk gjennomføring av fagutdanning som gjev yrkeskompetanse med fag- eller sveinebrev. (Opna illustrasjonen i ei ny fane eller nytt vindu for å sjå ein større versjon. Kjelde: Modellen er henta frå Rettleiar 2021, Gloppen kommune)
Om tiltaket
Gloppenmodellen starta i Gloppen etter initiativ frå NAV-leiar og behovet i arbeidsmarknaden. Det vart oppretta samarbeid med Firda vidaregåande skule og fylkeskommunen. Første kullet var ei klasse for helsefag som starta i 2013. I denne klassa var alle elevane frå Gloppen.
I 2015 starta Gloppen kommune ei ny klasse i helsefag - da var alle Nordfjord-kommunane invitert med. Seinare starta tannehelsesekretær etter oppmoding frå Clara Øberg, fylkestannlege. Det var stor mangel på tannhelsesekretærar med autorisasjon.
I 2017 kom privat næringsliv på bana og ynskte samarbeid. Det vart starta opp plast polymerkompositt- og betongfag i 2018. Desse deltakarane har no teikna lærekontrakt.
Hausten 2021 starta det opp utdanning etter Gloppenmodellen ved alle dei vidaregåande skulane i Nordfjord. Byggfag i Stryn, teknologi- og industrifag ved Eid vidaregåande skule, Helsefag ved Firda vidaregåande skule og Restaurant og matfag ved Måløy vidaregåande skule.
Opplevinga var at samarbeidet mellom NAV, fylkeskommune, kommune og næringsliv fungerte bra, men var personavhengig. Dei ynskte å lage rettleiar og handbok for å skriftleggjere arbeidet. Med støtte frå IMDI laga dei ei handbok og rettleiar som er publisert på www.gloppenmodellen.no.
Handbok og rettleiar vart laga i ei tid med NAV reform, kommunesamanslåing, fylkessamanslåing, nye læreplanar og ein pandemi. Dei ser dette som ei styrke fordi dei nytta tida til å få modellen meir sjølvstendig og mindre personavhengig, samt tilpassa til nye lover og regelverk. Handbok og rettleiar syner løpet frå tanke til oppstart og gjennomføring, her er òg eigne erfaringar med.
Gloppen kommune fekk og midlar frå IMDI til å forske på Gloppenmodellen og NORCE gjere denne jobben. Dei levera ein forskingsrapport.
Pr 1. november 2021 har Gloppenmodellen gjeve over 130 personar høve til å starte på fagutdanning. 31 av desse har fått autorisasjon eller fagbrev medan 84 framleis er I utdanningsløp. 11 har slutta og 7 har flytta til anna kommune. Mange av desse har fullført løpet i ny kommune.
Her kan du sjå to filmar om Gloppenmodellen:
https://www.gloppenmodellen.no/om-gloppenmodellen/filmar/
Suksessfaktorar
At Gloppenmodellen har hatt og har gode resultat skuldast nok først og fremst at samarbeidet mellom NAV, fylkeskommune, kommune og næringslivet fungera svært godt. Grunnarbeidet som vert gjort før utdanningane starta er svært viktig. Dette gjer at utdanningane passa til behova i arbeidsmarknaden og dei som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet får høve til å ta ei utdanning som næringslivet etterspør.
Også måten utdanninga vert gjennomført på med kombinasjon av teori og praksis frå år ein, samt tett oppfølging er og ein suksessfaktor. Dette gjev deltakarane god kjennskap til arbeidslivet, teori og praksis går naturleg saman. Desse faktorane saman med at skulen har avtale med bedriftene om praksisplassar/opplæringsplassar i bedrift, samt læreplassar er avgjerande. Deltakarane veit at når dei startar, er det opp til dei sjølve å bestå alle fag og syne at dei er eigna, så er læreplassen klar når dei skal ut i lære. Dei slepp å søkje om læreplass.
Organisering og økonomi
Gloppenmodellen er ein samfinansieringsmodell der fylkeskommunen og NAV betaler 50 prosent kvar av kostnadane. Du kan lese meir om organiseringa på www.gloppenmodellen.no
Slik kjem du i gang
Dersom de ynskjer å setje i gang med denne typen utdanningsmodell, bør de starte med å setje ned ei arbeidsgruppe. Dette bør de gjer før de søkjer om utdanningstilbod gjennom fylkeskommunen. Det aller første denne arbeidsgruppa må gjere er å sjå kva behov som er i arbeidsmarknaden, kva elevgrunnlag det er og kva dei vidaregåande skulane kan tilby. Kva står i dei ulike individuelle planane, er det fellestrekk her? Sjå òg på NAV si portefølje.
- Arbeidsgruppa bør bestå av rektor, NAV, rettleiingstenesta og flyktningtenesta. Ein representant frå kvar organisasjon.
- Viktig å avklare behov og lage gode samarbeidsavtaler.
- Sjå kven som er aktuelle samarbeidspartar i det lokale næringslivet.
- Søkje fylkeskommunen innan frist for vaksenopplæring. Når utdanning vert tildelt starta jobben med å avklare kandidatar og hjelpe dei med å søkje. Her er det ikkje den med best karakter som får plass, men den som har best motivasjon, haldningar og er egna for den type jobb det vert lyst ut utdanning for.
Lenker
https://www.gloppenmodellen.no/rettleiar/
https://www.gloppenmodellen.no/handbok/
Kontaktinformasjon
Navn: Ann Iren Festervoll
Stilling: Prosjektleiar Gloppenmodellen / Fagleiar Flyktningtenesta i NAV
Telefon: 99443982
Epost: ann.iren.festervoll@nav.no