Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak
Kort om tilskotet
- Tilskotsordninga består av to typar tilskot: asylnorsk og samfunnskunnskap (kulturtilskot).
- Tilskota blir automatisk utbetalte til kommunar for asylsøkarar i mottak som er i målgruppa for plikt til opplæring i norsk og opplæring i samfunnskunnskap (norsk kultur og norske verdiar).
Mål for ordninga
- Tilskota skal bidra til at vertskommunar for mottak gjennomfører opplæring i norsk og norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak, slik at asylsøkarar raskt får kjennskap til norsk språk, kultur og samfunnsliv.
- Målet med tilskotsordninga er at asylsøkarar kan oppfylle sin plikt til å delta i 175 timar opplæring i norsk og 50 timar opplæring i norsk kultur og norske verdiar i mottak
eller
- Målet med tilskotsordninga er at asylsøkarar kan oppfylle sin plikt til å delta i inntil 175 timar opplæring i norsk og 25 timar opplæring i samfunnskunnskap
Kven er i målgruppa
- Asylsøkarar som bur i mottak, og som er over 18 år, har plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap. Plikta gjeld ikkje dersom asylsøkaren
- får søknaden sin behandla etter hurtigprosedyrar i Utlendingsdirektoratet
- blir nekta å få asylsøknaden realitetsbehandla etter utlendingslova § 32
- bur på ankomstsenter eller i transittmottak
- har fått avslag frå Utlendingsdirektoratet på søknad om vern
Korleis blir tilskota berekna
- Tilskota er ein fast sats og blir utbetalte til vertskommunen der asylsøkarane bur i mottaka.
- Personar kan berre utløyse tilskota éin gong.
- Dersom ein person flyttar mellom kommunar, blir tilskota delte likt mellom til- og fråflyttingskommunen. Denne delinga skjer berre éin gong.
Slik får kommunen tilskot
Tilskota blir utbetalte automatisk. Det skjer tidlegast i kvartalet etter at personar i målgruppa er registrerte inn i ordinært mottak.
Dette får kommunen i tilskot
Tilskot | Sats i kroner |
---|---|
Asylnorsk | 14 700 |
Norsk kultur og norske verdiar Samfunnskunnskap |
4 000 2 000 |
Når blir tilskotsmidlane utbetalte
Planlagd utbetaling | Utbetalinga gjeld |
---|---|
Veke 35 | Nye personar i målgruppa 1.1.-31.3.2021 |
Veke 37 | Nye personar i målgruppa 1.4.-30.6.2021 |
Veke 46 | Nye personar i målgruppa 1.7.-30.9.2021 |
Veke 7, 2022 | Nye personar i målgruppa 1.10.-31.12.2021 |
Tilskotskalkulator
Rundskriv
Kontakt oss
Ta kontakt med Kontaktsenter for IMDinett dersom de har spørsmål om tilskota.