Oppmoding om busetting for 2025

Oppmodningsbreva for 2025 vart sendt ut til aktuelle kommunar i slutten av november 2024.

Sist oppdatert: 6. desember 2024

Behovet for busetting i 2025 er berekna til å være om lag 18900, dette i tråd med dei oppdaterte prognosane frå Berekningsutvalet. Sjølv om busettingsbehovet er lågare enn tidlegare år, er det framleis stort.  

Av dei 18 900 er det venta at 752 vil vere einslege mindreårige utan følgjeperson. Og busettingsbehovet for denne gruppa er høgare enn i 2024,  og fleire nye kommunar er difor oppmoda om å busette einslege mindreårige utan følgjeperson i 2025. 

Fordelinga av busettingsbehovet per kommune er fastsett av IMDi, i samråd med kommunanes sentralforbund (KS), og etter tilråding frå fylkeskommunen.344 kommunar er oppmoda om å busette i 2025, av desse er 84 kommunar også oppmoda om å busette einslege mindreårige utan følgjeperson.  

Busettingsbehovet gjeld for heile året og flyktningane kommer frå både Ukraina og frå andre konfliktområde. 

Kommunane har gjort ein viktig innsats i arbeidet med busetting og integrering av flyktningar, og det er avgjerande at vedteke busettingsplassar bli gjort tilgjengelege for busetting slik at flyktningar kan busettast. 

Svarfrist for kommunane er 14. mars 2025. 

Fant du det du lette etter?