Geografisk konsentrasjon av levekårsproblem

Sist oppdatert: 23. desember 2021

Illustrasjon av levekårsproblemer

Kjenneteikn og konsekvensar

Geografisk konsentrasjon av levekårsproblem er ei typisk storbyutfordring. I buområde med store levekårsutfordringar, kjem innbyggjarane dårlegare ut enn resten av befolkninga. Dei scorar lågare på indikatorane utdanning, sysselsetting og inntekt. Ofte er bruken av sosiale tenester og trygdeordningar i områda høg. Mange bur også trongt.

Mange av bebuarane i desse områda har innvandrarbakgrunn. I dei mest utsette lokalområda i Oslo har over 65 prosent av befolkninga innvandrarbakgrunn. Dette heng saman med at innvandrarbefolkninga i gjennomsnitt har lågare inntekt og kjem dårlegare ut på fleire levekårsvariablar enn resten av befolkninga.

Områda er også prega av sosiale utfordringar, og ofte er det behov for fysisk oppgradering av uteareal og bustader. Bustadprisane i områda er lågare enn andre stadar. Dette påverkar kven som buset seg der.

Når eit buområde er dominert av ei gruppe menneske med felles kjenneteikn kan bumiljøet bli karakterisert som segregert. Segregering handlar om konsentrasjon av – og åtskiljing mellom – forskjellige grupper ulike stadar. Mykje av segregeringsforskinga har hatt fokus på grupper definert ut i frå innvandrarbakgrunn og sosioøkonomisk status - altså samlemål for inntekt og utdanning.

Ofte er det ein overlapp mellom nettopp etnisk og sosioøkonomisk segregering fordi mange av dei som innvandrar til Noreg har lågare utdanning, inntekt og arbeidsdeltaking enn resten av befolkninga.

Når det er mange levekårsproblem i eit buområde, er dei sosiale utfordringane samansette. Ofte er det ein høg prosentdel kommunale og private utleigebustader i områda. Fleire låginntektsfamiliar bur trongt. Innvandrarar bur i snitt også trongare, kor 23 prosent av alle innvandrarar bur trongt, mot 8 prosent av ikkje-innvandrarar.

I trongbudde husvære er borna meir avhengige av å bruke uterom når dei skal vere ilag med vener. Gode og trygge lokalmiljø er difor viktig. Når mange av dei som bur i nabolaget er vanskelegstilte, kan dette prege nærmiljøet på måtar som er negative for borna. I tillegg er det ofte høg ut- og innflytting i områda.

Alt dette er med på å skape ein negativ spiral. Områda får dårleg omdømme og blir ytterlegare marginaliserte. Bebuarane får ei oppleving av at området dei bur i blir stigmatisert og nedvurdert av andre.

Det er tendensar til opphoping av levekårsproblem i mellom anna Trondheim, Bergen, Stavanger og Drammen, samt i nokre av hovudstaden sine nabokommunar. Dei største konsentrasjonane av levekårsproblem finn vi i likevel Oslo. Høgast del med fattige barnefamiliar bor i avgrensa geografiske områder i Oslo, kor mange har innvandrarbakgrunn. Det er en samanheng mellom innvandrarstatus, fattigdom og utsette buområde. Innvandrarar som gruppe bor også meir sentralt enn resten av befolkninga, sjølv om dette varierer for ulike innvandrargrupper med ulik innvandringsgrunn og butid.

Når det gjeld Oslo, så viser tal frå 2019 at bydel Gamle Oslo hadde 19 prosent barnehushald med låg inntekt medan bygjennomsnittet var på 11 prosent. Delen kommunale bustader utgjorde i bydelen 5,7 prosent i 2021 medan bygjennomsnittet var 3,3 prosent. Andre eksempel finn vi i bydel Grorud. Her er det 32 prosent av befolkninga mellom 21-29 år som ikkje har fullført vidaregåandeskule. Til samanlikning gjeld dette 20 prosent av Oslo si totale befolkning. Det er viktig å merke seg at sjølv om levekåra i nokre av Oslo sine bydelar skil seg tydeleg frå bygjennomsnittet, kan forskjellane innan ein og same bydel vere store. Oslo har ikkje heile bydelar som er utsette, men delområde som er utsette.

Biletet av desse buområda er sjeldan eintydige. I ei rekkje stadanalysar av utsette område kjem det fram at på tross av utfordringar, trivast mange godt med å bu der. Samhald, engasjement og nabolagspatriotisme er funn som går igjen.

Drivarane bak problemet 

På overordna nivå handlar utfordringane om sosial ulikskap, altså at det er forskjellar mellom grupper i inntekt og utdanning. Ein må derfor sjå på korleis nasjonal politikk fordeler samfunnet sine ressursar. Fleire sektorområde er relevante, slik som arbeidsmarknads- og utdanningspolitikken.

For å forstå den geografiske konsentrasjonen av levekårsproblem, må eit særleg fokus rettast på dynamikkar i bustadmarknaden og prisforskjellane som oppstår mellom bustader i ulike delar av byen. Dette påverkar folk sine moglegheiter til å velje bustad og buområde. Den norske bustadmodellen favorisera eigarskap. Å bli verande i leigemarknaden kan vere ei potensiell fattigdomsfelle. I buområde med mange utleigebustader er ofte kvaliteten på både bustadane og lokalmiljøet dårleg. Personar med låg inntekt er prisgitt bustader i belasta område. Bustadmarknaden legg dermed føringar for korleis grupper med ulik økonomi buset seg. Dette er ei viktig forklaring på kvifor somme buområde har større utfordringar med levekårsproblematikk enn andre.

Vidare er demografiske endringar som sterk vekst i byar og auka innvandring av personar med få ressursar ein medverkande faktor. Det er fleire innvandrarar som er utanfor arbeid enn resten av befolkninga. Dette gjeld særleg flyktningar. Ei forklaring er mellom anna eit gap mellom kompetansen flyktningane har med seg og kva som blir kravd i den norske arbeidsmarknaden.

Byutviklingsprosjekt kan også spele ei rolle, som når enkelte byområde går igjennom omfattande sosioøkonomiske endringar. Slike endringar vert kalla gentrifisering. Det viser til endringar i byrommet der arbeidarklassestrøk vert «rehabilitert» til middelklassenabolag. Bustadprisane aukar og ein fortrengingseffekt oppstår. Grupper som er avhengig av rimelege bustader flyttar ut til drabantbyane og dermed blir levekårsutfordringane i drabantbyane forsterka.

Forklaringane over er på eit strukturelt nivå, men også forklaringar på individnivå kan spele inn. For somme kan det vere eit ønske å bu nær familie, vener eller andre som har same bakgrunn som ein sjølv.

Konsekvensar for individ og samfunn

Det er først og fremst foreldre sin sosioøkonomiske situasjon som har mest å seie for korleis barn og unge klarer seg på skulen, vidare i arbeidslivet og korleis levekårsutviklinga deira blir på sikt. Men også nabolaget i seg sjølv kan påverke innbyggjarane sine levekår. Dette gjeld særleg barn, i tillegg til personar med innvandrarbakgrunn. Forsking viser nemleg at utsette buområde kan påverke ei rekkje velferdsutfall slik som helse, arbeid og utdanning.

Kvaliteten ved nabolaget er særleg viktig for barn og unge som nettopp har nærmiljøet som sin arena for læring og sosialisering.

Når geografisk konsentrasjon av levekårsproblem bidreg til sosiale forskjellar mellom buområde, har det også konsekvensar på samfunnsnivå. Sosiale og økonomiske forskjellar mellom befolkningsgrupper og mellom buområde, kan gi spenningar, sosial uro og utanforskap. Slike utfordringar har vore store i ei rekkje europeiske storbyar. Dei norske storbyane har unngått så omfattande utfordringar som ein har sett i for eksempel Sverige og Frankrike. Likevel har både offentlege myndigheiter og forskarar dei siste åra uttrykt bekymring, særleg for barn og unge sine oppvekstvilkår i enkelte nabolag i Oslo.

Covid-19-pandemien har også løftet frem utfordringar med segregering og geografisk konsentrasjon av levekårsproblem. Det er retta bekymring mot de langsiktige konsekvensane covid-19-pandemien kan ha for levekår og segregering, og at koronakrisen ser ut til å forsterke eksisterande forskjeller. Segregering har også vorte diskutert som en mogleg negativ faktor i en beredskapssituasjon som vanskeleggjer innsatsen overfor enkelte innvandrargrupper. Færre møteplassar mellom innvandrarar og resten av samfunnet og mangel på kontakt på tvers av bakgrunn kan bidra til dårlegare føresetnadar for språkleg integrering og ei meir delt offentlegheit.

Løysingar

Myndigheitene har fleire strategiar for å møte utfordringane. På eit overordna nivå, har den norske modellen for styrt og spreidd busetjing av flyktningar sørga for at flyktningar vert busetje i heile landet og ikkje berre i storbyane. Omtrent ein av fem flyktningar forlate sin opphavlege bustadkommune innan fem år etter besetning, og man ser at fråflyttinga har gått ned dei seinaste åra. Vidare har regjeringa i den nye integreringsstrategien Integrering gjennom kunnskap sett i gang ei satsing på utdanning, kvalifisering og kompetanse. Målet er at fleire skal kome i utdanning og arbeid.

Vidare blir det jobba gjennom både universelle verkemiddel for heile befolkninga og områderetta innsatsar der utfordringane er størst.

Universielle verkemiddel

Universelle verkemiddel som fangar opp utsette grupper vil ha ein førebyggjande effekt på levekårsproblem. Dette gjeld verkemiddel innan ei rekkje sektorområde, som til dømes familie-, oppvekst- og utdanningspolitikk. For eksempel vil moglegheiter den enkelte har for å bli økonomisk sjølvhjelpen motverke at levekårsproblematikk oppstår.

Områderetta verkemiddel

Områderetta innsatsar blir også brukt for å heve byområde som treng det mest. I ei områdesatsing jobbar kommune og stat koordinert og på tvers av sektorar. Innsatsen går over fleire år og skal gi områda både fysiske og sosiale løft.

Områdesatsingane staten er involvert i har ulik innretting. Felles er at dei skal bidra til mellom anna inkludering, trygge og gode bu-, oppvekst- og nærmiljø. I 2019 vart arbeidet med å betre levekåra i utsette byområde styrka. Det er områdesatsingar i Oslo (Groruddalen, Oslo indre Øst og Oslo Sør), Drammen, Bergen, Stavanger og Trondheim.

Barn og unge sine levekår og oppvekstmiljø har vore prioritert av lokale og nasjonale myndigheiter i fleire områderetta innsatsar. Til dømes, har forsøket med gratis kjernetid i barnehage i bydelar med levekårsproblem blitt testa ut som ein del av områdesatsingar gjennom fleire år, før ordninga vart vidareutvikla til ei nasjonal ordning i 2015. Forsøket gav gode resultat med fleire barn med innvandrarbakgrunn i barnehage og betre resultat i lesing og rekning når barna var på første og andre skuletrinn. Deltaking i barnehage bidreg positivt til barn si utvikling av språk, sosial kompetanse og legg eit viktig grunnlag for vidare utdanning. I integreringsstrategien Integrering gjennom kunnskap styrkar regjeringa arbeidet med rekrutterings- og informasjonstiltak for auka deltaking i barnehage blant minoritetsspråklege barn i utsette byområde.

By- og bustadplanlegging

Å utvikle nabolag der ulike grupper i befolkninga har moglegheit til å bu er også viktig. For å få til det må ein ha ei bustadplanlegging som legg til rette for varierte bustader, med ulike bustadtypar som både sjølveigarbustader og leigebustader, bustader med ulike storleik og med god kvalitet. Vidare er byutvikling- og planpolitikk viktig for å hindre at buområde utviklar seg negativt på sikt. Både universelle og områderetta verkemiddel har påverka korleis utviklinga har vore i norske storbyar. Slik den norske velferdsstaten er innretta, blir oftast trekt fram som ei av forklaringane på kvifor Oslo ikkje har tilsvarande utfordringar som i andre europeiske storbyar. Den førebyggjande innsatsen i områdesatsingane, blir også vurdert å ha hatt ein dempande effekt på problema.

Kunnskapsbehov

Viktig framover er å sikre at tiltaka har eit langsiktig perspektiv som førebyggjer at fattigdom går i arv og motverkar at ytterlegare marginalisering og segregering oppstår. For å få til dette er det behov for betre kunnskap om langsiktige og førebyggjande tiltak og om effektane av desse generelt og effektane av dei områderetta innsatsane spesielt.

Referanseliste

[1] Sjå mellom anna:

[2] Oslo kommune (2020, 20. januar). Groruddalssatsingen 2017-2026. https://www.oslo.kommune.no/slik-bygger-vi-oslo/groruddalssatsingen/#gref

[3] Det kan vere nyttig å skilje mellom ulike typar av segregeringsprosessar; demografisk, sosioøkonomisk og etnisk segregering Demografisk segregering handlar om at den romlege fordelinga av ei befolkning heng saman med demografiske variablar som alder, sivilstatus m.m. Sosioøkonomisk segregering handlar om at kvar du bur heng saman med klassebakgrunn og ressurssituasjonen din. I etnisk segregering ligg det at personar med same etniske/nasjonale bakgrunn buset seg i dei same områda. Kjelde: Søholt, S. 2010: Etniske minoriteter og boligmarkedet: Integrert, marginalisert, segregert. Forskningsrådet. https://www.forskningsradet.no/siteassets/publikasjoner/1253961976303.pdf

[4] Ljunggren, J. & P. L. Andersen (2017). «Vestkant og østkant, eller nye skiljelinger? I Ljunggren, J. (Red.) Bostedssegregasjon blant Oslo-ungdom mellom 2003 og 2012» i Oslo – ulikhetenes by (s. 57-80). Cappelen Damm Akademisk.

[5] SSB (2017). En av ti bor trangt. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/bygg-bolig-og-eiendom/artikler-og-publikasjoner/en-av-ti-bor-trangt

[6] SSB (2020). Innvandrere bor trangere. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/bygg-bolig-og-eiendom/artikler-og-publikasjoner/innvandrere-bor-trangere

[7] Sjå til dømes:

  • Andersen, B. (2018). Østkanten tar til gatene. Marginalitet og banalitet i Oslo. I Seim, S. & Sæter, O. K. (Red.). Barn og unge. By, sted og sosiomaterialitet. (Kapittel 5, 20 s.). Cappelen Damm Akademisk. https://hdl.handle.net/10642/6604

[8] Brattbakk, I. og B. Andersen (2017) Oppvekststedets betydning for barn og unge. Nabolaget som ressurs og utfordring. (AFI Rapport 02:2017). https://hdl.handle.net/20.500.12199/6291

[9] Strand, A. H. & M. Takvam (2019). Unge i utsatte boområder – en kunnskapsoversikt. Delrapport. (Fafo-notat 2019:24). https://www.fafo.no/zoo-publikasjoner/fafo-notater/item/unge-i-utsatte-boomrader-en-kunnskapsoversikt

[10] SSB (2021, 29. juni). Innvandrere og norskfødte med innvandrerforeldres fordeling på kommunenivå. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/befolkning/artikler-og-publikasjoner/innvandrere-og-norskfodte-med-innvandrerforeldres-fordeling-pa-kommuneniva

[13] Sjå til dømes:

[14] Brattbakk, I. og B. Andersen (2017) Oppvekststedets betydning for barn og unge. Nabolaget som ressurs og utfordring (AFI Rapport 02:2017). https://hdl.handle.net/20.500.12199/6291

[15] Sjå til dømes:

[16] IMDi (2021). Indikatorer for integrering. Tilstand og utviklingstrekk ved inngangen til 2021 (IMDi rapport). https://www.imdi.no/om-imdi/rapporter/2021/indikatorer-for-integrering-2021/

[17] Brattbakk, I. & Andersen, B. (2017). Oppvekststedets betydning for barn og unge. Nabolaget som ressurs og utfordring (AFI Rapport 02:2017). https://hdl.handle.net/20.500.12199/6291

[18] NOU 2011: 14 (2011. Bedre integrering. Mål, strategier, tiltak. Barne- og familiedepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2011-14/id647388/

[19] Omtala som nabolagseffektar. For utfyllande forklaring, sjå: Brattbakk, I. & Andersen, B. (2017). Oppvekststedets betydning for barn og unge. Nabolaget som ressurs og utfordring. https://hdl.handle.net/20.500.12199/6291

[20] Sjå til dømes:

  • Umbljis, J. & von Simons, K. & Mohn, F. (2019). Boligens betydning for annen velferd. En gjennomgang av nasjonal og internasjonal forsking (Rapport 2019:1). Institutt for samfunnsforskning. http://hdl.handle.net/11250/2579810
  • Markussen, S. & Røed, K. (2018). The golden middle class neighbourhood. Trends in residentian segregation and consequenses for offspring outcomes (IZA DP No. 11684). IZA Institute of Labor Economics. https://www.frisch.uio.no/publikasjoner/?pubid=1371

[21] Strand, A. H. & Takvam, M. (2019). Unge i utsatte boområder – en kunnskapsoversikt. Delrapport (Fafo-notat 2019:24). https://www.fafo.no/zoo-publikasjoner/fafo-notater/item/unge-i-utsatte-boomrader-en-kunnskapsoversikt

[22] Brattbakk, I. et al (2017). På sporet av det nye Grønland. Sosiokulturell stedsanalyse av Grønland i Bydel Gamle Oslo (AFI-rapport 04:2017). Arbeidsforskningsinstituttetet, OsloMet. https://hdl.handle.net/20.500.12199/6503

[23] Brattbakk, I. (2020). Trangboddhet og barnefamiliers hverdagsliv i koronaens tid. I Tidsskrift for boligforskning, 3(1), 7-31. https://www.idunn.no/doi/10.18261/issn.2535-5988-2020-01-02

[24] NOU 2020: 16. (2020). Levekår i byer: Gode lokalsamfunn for alle. Kunnskapsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2020-16/id2798280/

[25] Kunnskapsdepartementet (2021). Rapport fra ekspertgruppe. Innvandrerbefolkningen under koronapandemien. https://www.imdi.no/om-imdi/rapporter/2021/innvandrerbefolkningen-under-koronapandemien/

[26] Strøm, F. & Kirkeberg, M.I. & Epland, J. (2020). Monitor for sekundærflytting. Sekundærflytting blant personer med flyktningbakgrunn bosatt i Norge 2007-2016 (Rapporter 2020/36). Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/befolkning/artikler-og-publikasjoner/monitor-for-sekundaerflytting--432696

[27] Kunnskapsdepartementet (2018). Integrering gjennom kunnskap. Regjeringens integreringsstrategi 2019-2022. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/integrering-gjennom-kunnskap/id2617246/

[28] Sjå til dømes:

[29] Prop 1 S (2018-2019). For budsjettåret 2019 under Kommunal- og moderniseringsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/prop.-1-s-20192020/id2671418/

[30] Bråten, B. & Drange, N. & Haakestad, H. & Telle, K. (2014) Gratis kjernetid i barnehager. Sluttrapport (Fafo-rapport 2014:04). Fafo. https://www.fafo.no/index.php/zoo-publikasjoner/fafo-rapporter/item/gratis-kjernetid-i-barnehager

[31] Brattbakk, I. & Andersen, B. (2017). Oppvekststedets betydning for barn og unge. Nabolaget som ressurs og utfordring (AFI Rapport 02:2017). https://hdl.handle.net/20.500.12199/6291

 
Fant du det du lette etter?