Behovet for tolk i 2015
Arabisk var både det språket som har vore mest etterspurt og kor det har vore vanskelegast å få tak i kvalifisert tolk i 2015. Det viser IMDis årlege kartlegging av behovet for tolk i ulike språk.
Resultatet frå kartlegginga er eit viktig utgangspunkt når Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) skal sette i gang kvalifiseringstiltak for tolkar. HiOA har ansvar for statsautorisasjonsordninga, tolkeutdanninga og den munnlege prøva for potensielle tolkar (Tospråktesten).
Hovudfunn frå undersøkinga
- Arabisk var både det språket som har vore mest etterspurt og kor det har vore vanskelegast å få tak i kvalifisert tolk i 2015. Dei andre språka som både var mest etterspurt og vanskelegast å skaffe kvalifisert tolk i, var tigrinja, somali, engelsk og pashto.
- Åtte av dei ti mest etterspurde språka – arabisk, somali, polsk, dari, persisk, russisk, engelsk og litauisk – er også blant dei ti språka kor det er flest kvalifiserte tolkar. Men rapporten viser at desse tolkane ikkje er jamt fordelt i landet. Nesten halvparten av alle tolkane er busett i Oslo, og to tredjedelar er busett på Østlandet.
- Arabisk, somali, engelsk, polsk og dari har halde seg stabile som mest etterspurde i perioden 2010–2015.
- Verksemdene som har svara på undersøkinga oppgav at 56 prosent av oppdraga dei har levert var med tolkar oppført i Nasjonalt tolkeregister. Offentlege tolkebrukarar skilde seg positivt ut ved å ha levert 87 prosent av oppdraga med tolkar oppført i Nasjonalt tolkeregister.
- 2015 var eit år med usedvanleg mange asylsøkarar til Noreg. Tre fjerdedelar av tolkane i dei mest etterspurde asylspråka – arabisk, dari, kurmanji, pashto og tigrinja – hadde opplevd auka etterspurnad som følge av asylankomstane. Samstundes hadde halvparten kapasitet til å påta seg fleire oppdrag enn dei hadde gjort.