Forfattarskulen - for skrivande med minoritetserfaring
Forfattarskulen er et samarbeid mellom Minotenk og Det Norske Samlaget. Målet er å skape eit større litterært mangfald og motivere fleire til å delta i den offentlege samtalen, på nynorsk.
Oppsummering
-
Utfordring:
Minoritetsstemmer er lite representert i samtidslitteraturen
-
Tiltak:
Forfattarskulen er et gratis tilbod for skrivande med minoritetserfaring.
-
Resultat:
Med tiltaket ønskjer vi å få meir mangfaldig nynorsk litteratur og ein rikare offentleg samtale
Se flere eksempler tagget med
Frivillige organisasjonerForfattarskulen er et gratis tilbod for skrivande med minoritetserfaring. Søkjarane må være over 18 år og ikkje være etablerte forfattarar. Nynorsk er arbeidsspråket gjennom kurset, men det er ikkje krav om at nynorsken må være feilfri. Forfattarskulen er open både for deltakarar som har nynorsk som skriftspråk frå før, og for dei som ønskjer å arbeide litterært med nynorsk som skriftspråk fremover.
Ved å bruka omgrepet minoritetserfaring i utlysningsteksen ønskjer vi å nå eit breitt spekter av fleire individ som på ulike måtar har erfaringar som minoritet, det kan vera innvandrarbakgrunn, etniske minoritetar, funksjonsvariasjon, nasjonale minoritetar, kjønnsminoritetar og seksuelle minoritetar. Dette for å synliggjera at det er ulike og kryssande måtar å være minoritet på.
Med tiltaket ønskjer vi å få meir mangfaldig nynorsk litteratur og ein rikare offentleg samtale. Forfattarskulen går over eit år. I 2022 hadde vi fem samlinger gjennom året, i tillegg til at kvar student hadde ein eigen mentor (som var etablert forfattar) som ga tilbakemeldingar på tekstar mellom samlingane.
I 2022 hadde Forfattarskulen disse forfattarane inne som gjesteforelesere og foredragsholdere: Thomas Marco Blatt, Mona Høvring, Bjørn Hatterud, Camara Lundestad Joof, Brynjulf Jung Tjønn, Sigbjørn Skåden, Inger Bråtveit, Fatemeh Ekhtesari, Elen Betanzo.
Den tredje samlinga i 2022 var på de nynorske festspela i Ørsta og Volda. Da las sju av deltakarane opp eigne tekstar, i utstillingen på Aasentunet. På den siste samlinga i desember, las deltakarane opp eigne tekstar på et ope arrangement på Litteraturhuset i Oslo.
Kvar samling hadde ein litterær sjanger som hovudtema.
Vi er i gang med ein ny runde med Forfattarskulen 2023, hvor nye søkjarar har fått plass. Dei tidlegare deltakarane skal nå i gang med å utarbeide ein tekstsamling, som skal utgis på Samlaget Forlag.
Kontakt: