Tilsynsinstruks 2022 - 2025 (nynorsk)
Statleg tilsyn med korleis kommunane forvaltar integreringslova.
Integreringslova §§ 13 og 31: Differensiering av introduksjonsprogram og opplæring i norsk
1. Generelt om tilsyn 2022-2025
1.1 Oppdraget til statsforvaltaren
Heimelen for tilsynsarbeidet til statsforvaltaren er lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova) § 48.
Statsforvaltaren kan føre tilsyn med korleis kommunen oppfyller pliktene etter kapittel 3 til 6 og §§ 39, 40 og 43 i lova. Statsforvaltaren kan også føre tilsyn med plikta kommunen har til å ha internkontroll etter kommunelova § 25-1. Tilsynet kan vidare omfatte forskrifter knytte til desse lovføresegnene, og relevante føresegner i forvaltningslova.
Tilsynet skal gjennomførast i samsvar med kommunelova kapittel 30, jf. integreringslova § 48 andre ledd. Kapittel 30 inneheld generelle føresegner for statleg tilsyn med kommunane.
Oppdraget på tilsynsområdet går fram av verksemds- og økonomiinstruksen og det årlege tildelingsbrevet til statsforvaltaren.
1.2 Tilsynstemaet for perioden 2022–2025
Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) avgjer tilsynstemaet for det nasjonale tilsynet. Statsforvaltarane, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), departementet og andre er viktige bidragsytarar inn i avgjerdsprosessen. Vi har vidare hatt dialog med andre interessentar, som kommunane og KS. IMDi fastset temaet for ein periode på tre år. Tilsynsperioden vart i 2024 utvida med eitt år.
Temaet for tilsynet er «differensiering av introduksjonsprogram og opplæring i norsk».
Integreringslova tredde i kraft 1. januar 2021. Lova gjeld for dei personane som får innvilga opphaldsløyve etter denne datoen, jf. integreringslova § 51. Deltakarar som har starta på program eller opplæring etter tidlegare lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nytilkomne innvandrarar (introduksjonslova) får ikkje rettar etter integreringslova. Ei viktig endring i den nye integreringslova er å innføre differensiering av programtid og sluttmål, slik at kommunen i større grad må tilpasse opplæringa og måla til dei enkelte deltakarane. Opplæringa i norsk er lagd om, og kravet om eit visst tal timar med gjennomført norskopplæring er erstatta med eit krav om at den enkelte skal oppnå eit minimumsnivå i norsk. Endringa skal gi kommunane større grad av fleksibilitet til å leggje opp opplæringa på ein måte den enkelte deltakaren vil ha utbytte av.
Temaet er valt ut på bakgrunn av ei risikovurdering der IMDi har sett på sannsynet for og konsekvensane av brot på regelverket. Differensiering av programtid og sluttmål blir innført med den nye integreringslova, og det er dermed ein særleg risiko for brot på desse reglane.
1.3 Avgrensing av tilsynstemaet
Det nye tilsynstemaet omfattar både deltakarar i introduksjonsprogrammet, jf. integreringslova kapittel 4, og deltakarar som berre har opplæring i norsk, jf. integreringslova kapittel 6. Deltakarar i introduksjonsprogrammet skal ha opplæring i norsk og samfunnskunnskap som del av programmet. Dei sentrale føresegnene for tilsynet er integreringslova §§ 13 og 31, om høvesvis sluttmål og minimumsnivå i norsk.
§ 13 regulerer sluttmål og varigheit for introduksjonsprogrammet. Kommunen skal setje eit sluttmål for deltakinga til den enkelte i introduksjonsprogrammet, og sluttmålet skal reflektere kva deltakaren skal oppnå innanfor programtida, og vere så konkret som mogleg. Føresegna inneheld kriterium for fastsetjing av både sluttmål og varigheit.
§ 31 regulerer krav til opplæring i norsk. Føresegna set fast at deltakarar i opplæring skal oppnå eit minimumsnivå i norsk. Kva minimumsnivå deltakaren skal oppnå, er nærmare bestemt i integreringsforskrifta §§ 27 og 28. Varigheita og omfanget av opplæringa er regulert i § 32.
Tilsynet omfattar vidare enkelte krav i forvaltningslova for avgjerder som er enkeltvedtak, jf. integreringslova § 46. Dette gjeld vedtak om introduksjonsprogram, vedtak om opplæring i norsk, utarbeiding av integrerings- og norskplan og vesentleg endring av desse, jf. integreringslova §§ 12, 15, 30 og 34.
Tilsynet omfattar ikkje vurdering av om deltakarane er i målgruppa for introduksjonsprogram eller opplæring i norsk og samfunnskunnskap, gjennomføringa av opplæringa, fritak eller permisjon frå opplæringa, stans av opplæringa, gjennomføring av prøvar eller avslutning av opplæringa. Tilsynet omfattar ikkje opplæring i samfunnskunnskap. Tilsynet omfattar heller ikkje ansvaret og oppgåvene til fylkeskommunen.
1.4 Statleg tilsyn og kommunelova
Tilsynet frå statsforvaltaren skal utførast etter reglane i kommunelova kapittel 30 om statleg tilsyn. Tilsynet frå statsforvaltaren er eit lovlegheitstilsyn, jf. kommunelova § 30-2. Statsforvaltaren kan føre tilsyn med korleis kommunen oppfyller pliktene som er pålagde i eller i medhald av lov. Tilsynsheimelen statsforvaltaren har etter integreringslova, omfattar berre pliktene etter kapittel 3 til 6 og §§ 39, 40 og 43 i lova, jf. integreringslova § 48.
Kommunelova gir statsforvaltaren rett til innsyn i alle kommunale saksdokument og til å krevje at kommunale eller fylkeskommunale organ, folkevalde og tilsette gir dei opplysingane og meldingane som nødvendige og relevante for å gjennomføre tilsyn, jf. kommunelova § 30-3 første ledd. Dette gjeld også for andre som utfører kommunale eller fylkeskommunale oppgåver på vegner av kommunen eller fylkeskommunen. Teieplikt er ikkje til hinder for innsynet og undersøkingane til statsforvaltaren.
Statsforvaltaren kan gi pålegg til kommunen om å rette forhold som er i strid med reglane som statsforvaltaren fører tilsyn med oppfyllinga av, jf. kommunelova § 30-4.
1.5 Val av kommunar for tilsyn
I utveljinga av tilsynskommunar bør statsforvaltaren velje kommunar som har deltakarar i introduksjonsprogram og opplæring i norsk. Informasjon om kva kommunar som har deltakarar i introduksjonsprogram og opplæring i norsk, finst i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR). Statsforvaltaren har tilgang til NIR.
Statsforvaltaren skal vidare velje kommunar ut frå ei risikovurdering basert på sannsynet for og konsekvensane av brot på regelverket.
1.6 Praktisk gjennomføring av tilsynet
Statsforvaltaren må gjennomføre tilsynet i samsvar med metodehandboka. Metodehandboka inneheld føringar for korleis statsforvaltarane skal gjennomføre tilsyn med kommunane.
Det er i utgangspunktet opp til statsforvaltaren å vurdere korleis ein skal gjennomføre tilsyna. Ut frå ei vurdering av kva informasjon som er nødvendig og relevant for å opplyse saka, må statsforvaltaren vurdere om det er nok å hente inn skriftleg dokumentasjon, eller om ein må gjennomføre eit stadleg tilsynsbesøk. Eit stadleg tilsynsbesøk med intervju av tilsette og deltakarar kan gi informasjon om praksisen i kommunen som ikkje er tilgjengeleg i den skriftlege dokumentasjonen. Det avgjerande vil vere korleis statsforvaltaren vurderer kva som er nødvendig for å sikre ei forsvarleg utgreiing og måloppnåing med tilsynet.
Intervju med deltakarane kan vere spesielt nyttig for å vurdere om kommunen har involvert deltakaren. IMDi meiner dette er eit viktig perspektiv i vurderinga av kommunen sitt arbeid med å oppfylle pliktene etter integreringslova.
Statsforvaltaren kan samanhalde opplysingane i integreringsplan, norskplan eller annan dokumentasjon i deltakarmapper med registrerte opplysingar om dei enkelte deltakarane i IMDinett – NIR, for eksempel om det er registrert sluttmål for introduksjonsprogrammet for deltakarane. Slik kan statsforvaltaren undersøkje for eksempel om rutinane i kommunen blir følgde i praksis.
1.7 Om tilsynsinstruksen
Denne tilsynsinstruksen gir føringar for tilsyn med «differensiering av introduksjonsprogram og opplæring i norsk» i perioden 2022–2025.
Statsforvaltaren i Agder og Statsforvaltaren i Oslo og Viken gjennomførte i 2021 pilottilsyn med det nye tilsynstemaet. IMDi takkar dei for bidraga og det gode samarbeidet i denne prosessen.
I tillegg til å utarbeide tilsynsinstruksen har IMDi oppdatert metodehandboka for gjennomføring av tilsyn med tema i integreringslova. Metodehandboka er generelt utforma, og statsforvaltaren skal bruke handboka ved alle tilsyn uavhengig av tilsynstemaet. Tilsynsinstruksen inneheld dermed berre dei føringane som gjeld spesifikt for tilsynstemaet «differensiering av introduksjonsprogram og opplæring i norsk».
Tilsynet er eit lovlegheitstilsyn i samsvar med kommunelova § 30-2. Det betyr at statsforvaltaren i tilsynet berre skal kontrollere om kommunane oppfyller pliktene dei er pålagde i lov eller i medhald av lov. Føresegnene i integreringslova er gjennomgått for å klarleggje kva rettslege krav som kan stillast til arbeidet kommunane gjer. Dei rettslege krava er beskrivne under.
Det er utarbeidd ein tekst om formålet med tilsynet, ei kort beskriving av dei rettslege krava som statsforvaltaren kan bruke i opningsbrevet, og eit lengre rettsleg grunnlag som statsforvaltaren skal bruke i tilsynsrapportane, sjå kapittel 2. Statsforvaltaren kan bruke det rettslege grunnlaget som eit vedlegg til opningsbrevet, dersom det er formålstenleg.
I kapittel 3 finn de meir informasjon om rettsreglane. Kapitlet inneheld enkelte utdjupingar og avklaringar om regelverket. Sjå informasjonen i dette kapitlet i samanheng med dei rettslege krava i kapittel 2.
Ut frå dei rettslege krava er det utarbeidd kontrollspørsmål, sjå kapittel 4. Spørsmåla er formulerte slik at ein kan svare med ja eller nei. Svara på kontrollspørsmåla er grunnlaget for vurderinga av praksisen i kommunen. Dersom svaret er ja på eit kontrollspørsmål, er praksisen i kommunen i samsvar med lovverket. Dersom svaret er nei på eit kontrollspørsmål, ligg det føre lovbrot. Statsforvaltaren vel om ein vil bruke «lovbrot» eller «brot på regelverket». Ein skal ikkje bruke «avvik». I tillegg til kontrollspørsmåla er det utarbeidd ein påleggstekst. Under kvart pålegg skal statsforvaltaren omtale dei konkrete brota i form av korreksjonspunkt. Det er viktig at korreksjonspunkta berre beskriv kva brot kommunen skal rette, og at dei ikkje gir føringar for korleis kommunen skal rette dei. Kommunane skal sjølve kunne velje korleis dei vil organisere seg, og korleis dei ønskjer å rette eventuelle brot på regelverket. Statsforvaltaren kan ikkje innskrenke denne handlefridommen.
Kontrollspørsmåla er utforma ut frå rettsreglane dei skal kontrollere. Kontrollspørsmåla skal dekkje alle forholda som statsforvaltaren undersøkjer i tilsynet.
Skjema med fullstendig oversikt over kontrollspørsmåla finst i kapittel 4.
1.8 Uklarheiter, feil og andre tilbakemeldingar
Denne tilsynsinstruksen er eit levande dokument. Sjølv om tilsynsopplegget har vore pilotert, veit vi at det kan dukke opp behov for ytterlegare avklaringar av regelverket og andre endringar. Integreringslova tredde i kraft 1. januar 2021, og etter kvart som kommunane får fleire deltakarar med rettar etter den nye lova og statsforvaltarane får erfaringar frå tilsyn, kan det dukke opp spørsmål som ikkje er svarte på, eller ein kan oppleve at det er behov for justeringar i instruksen. Alle slike spørsmål og innspel skal statsforvaltarane sende til IMDi. Vi held embeta fortløpande orienterte om avklaringar og eventuelle endringar.
2. Rettslege krav
2.1 Generelt om bruk av rettslege krav
IMDi har utarbeidd ein kort tekst om formålet med tilsynet og to versjonar av dei rettslege krava for «differensiering av introduksjonsprogram og opplæring i norsk». Kortversjonen kan brukast i opningsbrev eller andre stader der statsforvaltaren ønskjer å gi ei kort beskriving av dei rettslege krava i tilsynet.
Den fullstendige versjonen er til bruk i tilsynsrapportane. Statsforvaltaren kan også bruke han som eit vedlegg til opningsbrevet eller andre stader. Ein kan dele teksten opp i mindre delar i rapportane, dersom det er formålstenleg.
2.1 Formålet med tilsynet
Målet med integreringslova er at innvandrarar tidleg skal integrerast i det norske samfunnet og bli økonomisk sjølvstendige. Lova skal bidra til at innvandrarar får gode norskkunnskapar, kunnskap om norsk samfunnsliv, formelle kvalifikasjonar og ei varig tilknyting til arbeidslivet. Ved å tilpasse opplæringa til den enkelte deltakaren får deltakaren eit betre utbytte av opplæringa og kan raskare nytte seg av opplæringa. Brot på integreringslova kan ha konsekvensar for rettstryggleiken til deltakarane. Det kan også ha samfunnsøkonomiske konsekvensar gjennom at den enkelte blir forseinka i overgangen til utdanning og arbeid. Forseinkingar kan føre til at det tar lengre tid før deltakaren blir økonomisk sjølvstendig. Slike forseinkingar kan bety auka offentlege utgifter til nye kvalifiseringstiltak eller meir sosialhjelp. Samtidig tar det lengre tid før samfunnet kan nytte seg av dei ressursane som nytilkomne innvandrarar utgjer.
Tilsynet skal medverke til å auke etterlevinga av lova og vere eit bidrag til arbeidet kommunen gjer med å sikre kvaliteten i tenesteproduksjonen.
2.2 Kortversjon av rettslege krav
Differensiering av introduksjonsprogram og opplæring i norsk
Ein viktig del av integreringa av innvandrarar i det norske samfunnet er kjennskap til og kompetanse i norsk språk og samfunnskunnskap. Formell kompetanse er ein viktig nøkkel til økonomisk sjølvstende og ei varig tilknyting til arbeidslivet. Kommunen er ansvarleg for introduksjonsprogram og opplæring i norsk, jf. lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova) kapittel 4 og 6.
Etter integreringslova kan, og i nokre tilfelle skal, innvandrarar delta i introduksjonsprogrammet, jf. kapittel 4, eller opplæring i norsk, jf. kapittel 6. Opplæringa skal skje innanfor rammene som er fastsette i regelverket, men tilpassa til den enkelte deltakaren basert på ei kartlegging og ei vurdering av kompetansen til den enkelte. Denne differensieringa av opplæringa og innhaldet i introduksjonsprogrammet skal bidra til at den enkelte får eit opplegg og ein kompetanse som er best mogleg tilpassa til behova ho eller han har. Temaet for tilsynet er om kommunen si forvaltning av integreringslova tilfredsstiller krava etter §§ 13 og 31, om sluttmål og varigheit i introduksjonsprogrammet og i norskopplæringa.
Vedtak om introduksjonsprogram, vedtak om opplæring i norsk, utarbeiding av integrerings- eller norskplan og vesentleg endring av integrerings- og norskplan er enkeltvedtak, og skal følgje saksbehandlingsreglane i forvaltningslova, jf. integreringslova § 46. Det inneber blant anna at vedtaka skal innehalde informasjon om klagerett, klagefrist, klageinstans og framgangsmåte ved klage, jf. forvaltningslova kapittel VI.
2.2 Fullstendig versjon av rettslege krav
Differensiering av introduksjonsprogram og opplæring i norsk
Ein viktig del av integreringa av innvandrarar i det norske samfunnet er kjennskap til og kompetanse i norsk språk og samfunnskunnskap. Formell kompetanse er ein viktig nøkkel til økonomisk sjølvstende og ei varig tilknyting til arbeidslivet. Kommunen er ansvarleg for introduksjonsprogram og opplæring i norsk, jf. lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova) kapittel 4 og 6.
Etter integreringslova kan, og i nokre tilfelle skal, innvandrarar delta i introduksjonsprogrammet, jf. kapittel 4, eller opplæring i norsk, jf. kapittel 6. Opplæringa skal skje innanfor rammene som er fastsette i regelverket, men tilpassa til den enkelte deltakaren basert på ei kartlegging og ei vurdering av kompetansen til den enkelte. Denne differensieringa av opplæringa skal bidra til at den enkelte får eit opplegg og ein kompetanse som er best mogleg tilpassa til behova ho eller han har. Temaet for tilsynet er om kommunen si forvaltning av integreringslova tilfredsstiller krava etter §§ 13 og 31, om sluttmål og varigheit i introduksjonsprogrammet og i norskopplæringa.
Introduksjonsprogrammet
Introduksjonsprogrammet skal bidra til å dekkje gapet mellom kompetansen den enkelte deltakaren har frå før, og kompetansen som arbeidslivet spør etter, eller som er nødvendig for overgangen til vidare utdanning. Grunnlaget for innhaldet i introduksjonsprogrammet til den enkelte er ei kartlegging av kompetansen hennar eller hans, jf. integreringslova § 10. Kommunen skal sørgje for at språkkunnskapar, eventuell tidlegare utdanning, arbeidserfaring og annan relevant kompetanse blir kartlagt.
Kommunen skal sørgje for oppstart og gjennomføring av introduksjonsprogrammet.
Kommunen skal gjere eit vedtak om introduksjonsprogram og utarbeide ein integreringsplan for den enkelte, jf. integreringslova §§ 12 og 15. Kommunen skal involvere deltakaren når ein utarbeider planen. Opplæring i norsk og samfunnskunnskap og kurs i livsmeistring skal vere ein del av programmet. Deltakarar som har barn under 18 år, eller som får barn i løpet av programmet, skal i tillegg delta på kurs i foreldrerettleiing. Elles skal planen bestå av arbeids- eller utdanningsretta element. Planen skal innehalde sluttmål, norskmål, omfanget av opplæringa i norsk og samfunnskunnskap, varigheit, beskriving av dei ulike elementa i programmet og klagemoglegheiter. Planen er ikkje statisk, kommunen skal vurdere han jamleg og ved vesentlege endringar i livssituasjonen til deltakaren.
Sluttmålet skal vere individuelt for den enkelte. Deltakaren og kommunen skal ha som felles mål at deltakaren når sluttmålet. Sluttmålet skal dermed vere realistisk å oppnå innan programtida, så konkret som mogleg og reflektere kva deltakaren skal oppnå i introduksjonsprogrammet. Sluttmålet får betydning for blant anna varigheita av programmet. Integreringslova § 13 gir føringar for kva nivå sluttmålet bør vere på, ut frå alderen og utdanninga til deltakaren, og for varigheita av programmet. Kommunen kan forlengje programmet noko, dersom ein har grunn til å forvente at deltakaren vil nå sluttmålet med ei forlenging, jf. integreringslova § 13 femte ledd.
For personar som ikkje har fått ei kompetansekartlegging før busetjing, skal kommunen sørgje for kompetansekartlegginga, jf. integreringslova § 10. Kommunen er ansvarleg for introduksjonsprogrammet, og veit kva opplysingar han har behov for i arbeidet sitt.
For deltakarar med formell kompetanse som kan vere på minst vidaregåande nivå, skal kommunen vurdere om utdanninga til deltakaren tilsvarer vidaregåande nivå i Noreg. Det er ikkje eit krav om at den enkelte må leggje fram dokumentasjon på utdanninga si. Gjennom kompetansekartlegging og karriererettleiing har kommunen fått informasjon om kompetansen til deltakaren, og kommunen må vurdere om deltakaren har gjort sannsynleg at ho eller han har kompetanse på minimum vidaregåande nivå. Kommunen kan for eksempel vurdere kompetansen opp mot utdanning som kan gi generell studiekompetanse i Noreg slik det er beskrive i GSU-lista (generell studiekompetanse for utanlandske søkjarar). For deltakarar med utdanning tilsvarande vidaregåande nivå eller høgare er utgangspunktet at sluttmålet bør vere at deltakaren skal kvalifisere til høgare utdanning eller arbeid, definert ned til ein bransje. Programmet skal som hovudregel vare mellom tre og seks månader, og kan i nokre tilfelle forlengjast.
Sluttmålet for deltakarar under 25 år utan utdanning på minimum vidaregåande nivå skal som hovudregel vere at deltakaren fullfører vidaregåande opplæring. Programmet skal som hovudregel vare mellom tre månader og tre år.
For andre deltakarar skal sluttmålet vere at deltakaren kjem i arbeid eller fullfører delar av eller heile grunnskolen eller vidaregåande opplæring. Programmet skal som hovudregel vare mellom tre månader og tre år.
Kommunen skal gjere vedtak om introduksjonsprogram og utarbeide ein integreringsplan, jf. integreringslova §§ 12 og 15. Integreringsplanen skal som minimum innehalde sluttmål, norskmål, beskriving av opplæringa i norsk og samfunnskunnskap, varigheit og elementa i programmet til deltakaren.
Undervegs i introduksjonsprogrammet kan det vere behov for å endre sluttmålet, for eksempel dersom deltakaren viser raskare progresjon enn forventa. Terskelen for å justere sluttmålet ned ved mangelfull progresjon er høgare enn for å justere sluttmålet opp ved raskare progresjon. Ved mangelfull progresjon må kommunen først vurdere tilrettelegginga av tilbodet og ha tett oppfølging av deltakaren.
Opplæring i norsk
Opplæring i norsk etter integreringslova kapittel 6 har eigen læreplan, krav til varigheit og omfang og eigen prøve. Kommunen skal sørgje for tilbod om opplæring i norsk for deltakarane, med unntak av personar i fulltid vidaregåande opplæring. For denne gruppa er fylkeskommunen ansvarleg for opplæringa. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for opplæring slik at deltakarane oppnår eit minimumsnivå i norsk.
Deltakarane skal oppnå eit minimumsnivå i norsk, jf. integreringslova § 31. Dei ulike nivåa er beskrivne i forskrift til integreringslova (integreringsforskrifta) § 26. Norskferdigheitene er klassifiserte i nivå frå A til C, der nivå A1 er lågast og nivå C1 høgast. § 28 i forskrifta gir vidare eit utgangspunkt for kva nivå den enkelte som minimum bør oppnå, basert på kva utdanningsbakgrunn personen har frå før. Dersom deltakaren har raskare eller treigare framgang enn forventa, skal minimumsnivået justerast.
Kommunen skal gjere vedtak om opplæring i norsk og samfunnskunnskap og utarbeide ein norskplan. Det skal ikkje utarbeidast ein norskplan for personar i fulltid vidaregåande opplæring.
Opplæringa i norsk varer som hovudregel til deltakaren har nådd minimumsnivået, men avgrensa til tre år, jf. integreringslova § 32. For enkelte grupper er varigheita kortare.
Krav til vedtak
Vedtak om introduksjonsprogram, vedtak om opplæring i norsk og samfunnskunnskap, utarbeiding av integrerings- eller norskplan og vesentleg endring av integrerings- eller norskplan, jf. integreringslova §§ 12, 15, 30 og 34, er enkeltvedtak, jf. integreringslova § 46. Enkeltvedtak skal følgje saksbehandlingsreglane i forvaltningslova.
Enkeltvedtaket skal vere skriftleg, jf. forvaltningslova § 23.
Vedtaket skal vise til dei reglane i integreringslova som vedtaket byggjer på, og beskrive dei faktiske forholda som har hatt betydning for avgjerda, jf. forvaltningslova §§ 24 og 25. Vedtaket skal også innehalde informasjon om retten til å klage, klagefrist, klageinstans og kvar klagen skal sendast, jf. forvaltningslova § 27 tredje ledd. Kommunen kan ikkje setje eigne avgrensingar i klageretten, for eksempel ved å krevje at klagen må vere grunngitt.
Alle vedtak skal innehalde informasjon om retten til å sjå saksdokumenta, jf. forvaltningslova § 18.
3. Utdjuping av lovgrunnlag
3.1 Innhaldet i dette kapitlet
Dette kapitlet inneheld ei meir detaljert beskriving av rettsreglane og enkelte spørsmål som statsforvaltaren kan møte i tilsynet. Kapitlet må sjåast i samanheng med dei rettslege krava i kapittel 2.
3.2 Deltakarar i introduksjonsprogram
I dette underkapitlet omtalar vi deltakarar i introduksjonsprogram.
3.2.1 Sluttmål – hovudregelen
Integreringslova § 13 regulerer sluttmål for deltakarane. Alle deltakarane skal ha eit sluttmål for introduksjonsprogrammet sitt. Departementet legg til grunn at «[s]luttmålet skal reflektere hva deltageren skal oppnå innen programmet avsluttes, og skal være så konkret som mulig», sjå Prp. 89 L (2019–2020) kapittel 14.
Deltakarane i introduksjonsprogrammet er delte inn i tre hovudgrupper, ut frå kva alder og kompetanse dei har frå tidlegare:
- minimum utdanning på vidaregåande nivå
- under 25 år, utan minimum vidaregåande utdanning
- over 25 år, utan minimum vidaregåande utdanning
I tillegg til rammene som integreringslova § 13 set for fastsetjing av sluttmål, skal kommunen også «se hen til deltagerens utdanningsbakgrunn, alder, interesser, motivasjon og det langsiktige målet», jf. Prp. 89 L (2019–2020) punkt 8.5.4.2.
For deltakarar med minimum utdanning på vidaregåande nivå skal sluttmålet som hovudregel vere at deltakaren skal kvalifisere til høgare utdanning eller arbeid. I Prop. 89 L (2019–2020) kapittel 14 seier departementet:
Aktuelle sluttmål for denne gruppen vil være at deltageren skal kvalifisere til høyere utdanning eller arbeid, definert ned til en bransje, få godkjent høyere utdanning, eller påbegynne en kompletterende utdanning.
For deltakarar under 25 år utan minimum vidaregåande utdanning fra før skal sluttmålet som hovudregel vere fullført vidaregåande opplæring. Departementet viser til at denne gruppa har eit langt yrkesliv framfor seg, og fullført vidaregåande opplæring blir stadig viktigare for varig tilknyting til arbeidslivet.
For den siste gruppa deltakarar skal sluttmålet som hovudregel vere at den enkelte kjem i arbeid eller fullfører delar av eller heile grunnskolen eller vidaregåande opplæring. Denne gruppa er den største gruppa, og det vil vere eit større spenn i sluttmåla for deltakarane. I Prop. 89 L (2019–2020) kapittel 14 seier departementet:
Hvilket sluttmål som settes må vurderes konkret ut fra deltagerens ønsker og forutsetninger, samt tilbudet i kommunen. Mange deltagere bør ha sluttmål som er relatert til formell kompetanse, herunder grunnskole eller videregående opplæring. Det kan settes sluttmål om å fullføre hele eller deler av opplæringen, ut fra hvilken bakgrunn deltageren har. Sluttmål om å komme i arbeid bør detaljeres ned til en bransje.
3.2.2 Deltakarar med fag- og yrkesopplæring frå utlandet
Integreringslova har som hovudregel at deltakarar med minimum utdanning på vidaregåande nivå frå før skal ha sluttmål om å kvalifisere til høgare utdanning, jf. integreringslova § 13. Departementet legg til grunn at dette ikkje omfattar alle utdanningsprogramma, berre dei som er definerte som ei utdanning som kan gi generell studiekompetanse i Noreg, jf. Prop. 89 L (2019–2020) punkt 8.5.4.3. Departementet grunngir dette slik:
NOKUT vurderer utenlandsk fag- og yrkesopplæring på videregående nivå opp mot norske fag- og svennebrev, men foreløpig er det kun mulig å søke om godkjenning av fag- og yrkesopplæring fra Estland, Latvia, Litauen, Polen og Tyskland. Deltagere i introduksjonsprogram vil per nå derfor ikke være omfattet av denne ordningen. Som følge av dette vil deltagere som oppgir å ha fag- og yrkesopplæring på videregående nivå fra utlandet ikke omfattes av § 13 andre ledd. Disse vil ha sluttmål og program etter forslag til § 13 tredje eller fjerde ledd. Også for disse deltakerne bør det raskt igangsettes realkompetansevurdering for å avklare hva de trenger for å kunne ta fag- eller svennebrev i Norge.
3.2.3 Deltakarar under 25 år som ikkje klarer å fullføre vidaregåande innanfor programtida
Sluttmålet for deltakarar under 25 år som ikkje har minimum utdanning på vidaregåande nivå frå før, er som hovudregel å fullføre vidaregåande opplæring, jf. integreringslova § 13. For deltakarar som ikkje kjem til å klare å fullføre innanfor programtida, bør sluttmålet setjast til å gjennomføre delar av vidaregåande opplæring. Kommunen bør setje eit slikt sluttmål berre dersom det er heilt klart at deltakaren ikkje klarer å fullføre. I denne vurderinga er skolebakgrunnen til deltakaren avgjerande.
For deltakarar som ikkje kan ha å fullføre heile eller delar av vidaregåande opplæring som sluttmål, uttaler departementet at det vil vere «mest nærliggende å sette et sluttmål om overgang til arbeid, eventuelt etter fullført grunnskole». For tida etter utløpet av programtida bør kommunen vidare sjå på om deltakaren bør søkje studielån i Lånekassen eller setje i gang eit samarbeid med Nav, jf. Rundskriv G27/2017 Samarbeid mellom kommunen og Arbeids- og velferdsetaten om introduksjonsordning for nyankomne innvandrere, slik at den enkelte får fullført kvalifiseringsløpet sitt utan avbrot.
3.2.4 Varigheit på opplæringa
Varigheita på opplæringa, inkludert ei eventuell forlenging, er regulert for kvar av dei tre hovudgruppene, jf. integreringslova § 13. Etter femte ledd kan kommunen forlengje opplæringa dersom «det er grunn til å forvente at deltageren vil oppnå sitt sluttmål med en forlengelse».
Gruppe | Varigheit hovudregel | Forlenging |
---|---|---|
Minimum utdanning på videregånde nivå | Mellom tre og seks månåder | Inntil seks månåder |
Under 25 år, utan minimum vidaregåande utdanning, med sluttmål fullføre vidaregåande opplæring | Mellom tre månader og tre år | Inntil eit år |
Under 25 år, utan minimum vidaregåande utdanning, andre sluttmål enn fullføre vidaregåande opplæring | Mellom tre månader og to år | Inntil eit år |
Over 25 år, utan minimum vidaregåande utdanning, med sluttmål fullføre vidaregåande opplæring | Mellom tre månader og tre år | Inntil eit år |
Over 25 år, utan minimum vidaregåande utdanning, andre sluttmål enn fullføre vidaregåande opplæring | Mellom tre månader og to år | Inntil eit år |
Godkjend permisjon skal leggjast til varigheita på programmet, jf. integreringslova § 13 siste ledd.
3.2.5 Kommunen si opplysing av saka
Kommunen har ei generell rettleiingsplikt etter forvaltningslova § 11 og ei plikt til å opplyse saka etter forvaltningslova § 17. Rettleiinga skal gi deltakaren høve til å sikre interessene sine på best mogleg måte. Informasjonen frå kommunen må vere relevant og i ei slik form at deltakaren blant anna forstår kva eit sluttmål er, følgjene av dei ulike sluttmåla og kva betydning interessene og motivasjonen hennar eller hans har for fastsetjinga av sluttmål. God rettleiing er med på å skape tillit til forvaltninga og bidrar til å effektivisere saksbehandlinga ved at deltakaren får forståing for kva informasjon ho eller han bør bidra med for at saka blir opplyst så godt som mogleg.
Kommunen skal utarbeide integreringsplanen, med sluttmål og norskmål, saman med deltakaren, jf. integreringslova § 15. Integreringsplanen er eit vedtak, jf. integreringslova § 46. Departementet legg til grunn at «fastsettelsen av sluttmålet gjøres i samarbeid mellom kommunen og den enkelte deltager», jf. Prop. 89 L punkt 8.5.4.2. Dette er også ein føresetnad for at kommunen skal kunne sjå til interessene og motivasjonen til deltakaren.
Lov om offentlige organers ansvar for bruk av tolk mv. (tolkelova) tredde i kraft 1. januar 2022. Formålet med lova er å sikre rettstryggleik og forsvarlege tenester for personar som treng bistand til å kommunisere forsvarleg med blant andre kommunen. Etter § 6 er kommunen pålagd å bruke tolk når «det er nødvendig for å ivareta hensynet til rettssikkerhet eller for å yte forsvarlig hjelp og tjeneste». I vurderinga av kva som er nødvendig, skal kommunen blant anna leggje vekt på alvorlegheita og karakteren til saka, og om samtalepartane kan kommunisere forsvarleg utan tolk. Kommunen må bruke tolk dersom det er nødvendig for at ein skal kunne kommunisere forsvarleg med deltakaren.
3.2.6 Endring av sluttmål
Sluttmålet blir sett ved oppstarten av introduksjonsprogrammet. Etter kvart som programtida går, eller ved vesentlege endringar i livssituasjonen til deltakaren, vil det oppstå behov for å vurdere om sluttmålet framleis er riktig. Etter integreringslova § 15 sjette ledd skal kommunen vurdere integreringsplanen jamleg og ved vesentlige endringar i livssituasjonen til deltakaren. Sluttmålet er ein del av integreringsplanen, og kommunen skal vurdere sluttmålet når ein vurderer integreringsplanen. Det same gjeld norskmålet til deltakaren.
I Prop. 89 L (2019–2020) skriv departementet:
Muligheten til å endre sluttmålet er først og fremst ment å omfatte tilfeller hvor deltagerens ønsker er endret eller deltageren viser rask progresjon. Hvis for eksempel en deltaker med sluttmål om å fullføre grunnskolen har rask progresjon, bør sluttmålet justeres opp til videregående opplæring.
Ved mangelfull progresjon hos deltageren bør terskelen for å endre sluttmålet være høyere. Det første virkemiddelet er tett oppfølging og tilpasning av integreringsplanen, se punkt 8.7.4.1. Kommunen bør vurdere tilretteleggingen av tilbudet og relevansen av innholdet i programmet. Hvis disse virkemidlene ikke har den ønskede effekten, kan kommunen vurdere å justere sluttmålet.
Terskelen for å nedjustere sluttmålet skal være høy, men hensikten er ikke at kommunen eller deltakeren låses til et kvalifiseringsløp som ikke viser seg å være hensiktsmessig.
3.3 Deltakarar i opplæring i norsk
I dette underkapitlet omtalar vi deltakarar i opplæring i norsk.
3.3.1 Norskmål og minimumsnivå i norsk – hovudregelen
Integreringslova § 31 seier at deltakarane skal oppnå eit minimumsnivå i norsk. Dette minimumsnivået utgjer norskmålet til deltakaren.
Integreringsforskrifta § 26 inneheld ei oversikt over dei fem nivåa som er i bruk etter integreringslova. Nivåa følgjer Det felles europeiske rammeverket for språk.
Nivåa er beskrivne slik:
Nivå | Beskriving |
---|---|
A1 | Personen kan forstå og bruke kjende, daglegdagse uttrykk og svært enkle utsegner om seg sjølv og nære forhold. Personen kan delta i rutineprega samtalar på ein enkel måte, dersom samtalepartnaren snakkar langsamt og tydeleg og er støttande. |
A2 | Personen kan forstå eit enkelt daglegspråk, og uttrykkje seg enkelt om emne knytte til eigen person og familie, nære omgivnader og arbeid. Personen kan klare seg i enkle og rutineprega samtalesituasjonar med direkte utveksling av informasjon om kjende forhold, dersom samtalepartnaren snakkar langsamt og tydeleg, og er innstilt på å hjelpe. |
B1 | Personen kan forstå klare og relativt enkle framstillingar relaterte til kjende emne frå arbeid, skole, heim og fritid og uttrykkje seg enkelt og samanhengande om kjende emne og emne av personleg interesse. Personen kan delta uførebudd i samtalar i dei fleste situasjonar ein møter i dagleglivet, når samtalepartnaren snakkar tydeleg. |
B2 | Personen kan forstå komplekse framstillingar, også faglege drøftingar innanfor eige fagområde og uttrykkje seg klart og nyansert om eit vidt spekter av emne. Personen kan uttrykkje synspunkt og argumentere for og imot ulike alternativ og delta i samtalar med eit så spontant og flytande språk at kommunikasjonen med morsmålsbrukarar ikkje blir anstrengjande for nokon av partane. |
C1 | Personen kan forstå komplekse framstillingar og faglege drøftingar innanfor dei fleste allmenne emne. Personen kan bruke språket fleksibelt og formålstenleg til sosiale, akademiske og yrkesrelaterte formål. Personen kan uttrykkje og argumentere for synspunkt og kan delta i samtalar og diskusjonar og bidra til at samtalen eller diskusjonen utviklar seg. Personen kan oppsummere, vidareformidle og forklare innhald frå ulike munnlege og skriftlege kjelder med høg grad av presisjon. Personen kan skrive klare, velstrukturerte og detaljerte tekstar og meistrar ulike setningsmønster og samanbindande markørar. |
Etter integreringsforskrifta § 27 skal kommunen setje eit norskmål for alle deltakarane i tråd med eller høgare enn føringane i integreringsforskrifta § 28. Føringane tar utgangspunkt i kva kompetanse deltakaren har frå tidlegare, kvar deltakaren får opplæringa si, og behova til deltakaren. For deltakarar i introduksjonsprogrammet må minimumsnivået sjåast i samanheng med sluttmålet til deltakaren.
Det rettleiande minimumsnivået er:
Utgangspunkt | Norskmål (minimum) |
---|---|
Ikkje fullført grunnskole | Nivå A2 i delprøvane i lytteforståing, leseforståing og skriftleg framstilling. Nivå B1 i delprøve i munnleg kommunikasjon. |
Har fullført grunnskole | Nivå B1 i delprøvane i lytteforståing, leseforståing og skriftleg framstilling og i delprøve i munnleg kommunikasjon. |
Minimum videregåande utdanning | Nivå B1 i delprøvane i lytteforståing, leseforståing og skriftleg framstilling. Nivå B2 i delprøve i munnleg kommunikasjon. |
Minimum videregåande utdanning og behov for å dokumentere nivå B2. | Nivå B2 i delprøvane i lytteforståing, leseforståing og skriftleg framstilling og i delprøve i munnleg kommunikasjon. |
Får norskopplæring i videregåande opplæring | Standpunktkarakter 2 eller høgare i faget norsk |
Får norskopplæring i grunnskole | Anten standpunktkarakter 2 eller høgare i faget norsk, eller oppnå minimum nivå A2 i delprøvane i lytteforståing, leseforståing og skriftleg framstilling og nivå B1 i delprøve i munnleg kommunikasjon. |
Kommunen kan fråvike hovudreglane som er beskrivne over. Departementet legg til grunn: «De veiledende nivåene skal være det klare utgangspunktet, men terskelen for å sette et mål som er høyere enn det som følger av de veiledende minimumsnivåene, skal være lav. Terskelen for å sette et lavere mål skal derimot være høy.» Sjå Prop. 89 L (2019–2020) punkt 10.3.4.2.
3.3.2 Omfanget av opplæringa
Det går fram av integreringslova § 31 at kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for opplæring slik at deltakaren oppnår minimumsnivået sitt.
Integreringsplanen eller norskplanen skal beskrive omfanget av opplæringa som deltakaren skal gjennomføre og kommunen skal tilby, jf. § 34. Omfanget skal vere tilstrekkeleg til at deltakaren kan nå norskmålet sitt. Det vil dermed vere opp til kommunen å tydeleggjere kor mange timar deltakaren minimum skal få tilbod om per veke, jf. pkt. 10.6.4 i Prop. 89 L (2019–2020). Planen bør innehalde kven som er ansvarleg for å gi opplæringa, og korleis ein skal gi tilbodet, for eksempel om opplæringa skal skje på dag- eller kveldstid. Pkt. 10.6.4 i Prop. 89 L (2019–2020) legg til grunn at planen skal innehalde ein timeplan.
Det må vere tilbod om opplæring med tilstrekkeleg intensitet og kvalitet slik at deltakaren kan nå minimumsnivået innanfor varigheita som følgjer av integreringslova § 32. Vi viser igjen til Prop. 89 L (2019–2020), side 182, merknader til § 31. Vidare viser vi til pkt. 10.4.4 på side 133, der det går fram at kommunen må sørgje for opplæring slik at deltakaren realistisk kan oppnå minimumsnivået i norsk.
Forskrift om læreplan i norsk for vaksne innvandrarar kapittel 2 omtalar også organiseringa, tilrettelegginga og rammene for opplæringa. Det går fram her at det er opp til den som tilbyr opplæringa, å organisere ho på ein slik måte at læringsføresetnadene, behova og måla til deltakarane blir tatt hand om. Omfanget av opplæringa skal tilpassast den enkelte deltakaren. Deltakarar som kan ha rask progresjon, og deltakarar med lærevanskar skal få eit tilbod som sikrar dette, jf. Prop. 89 L (2019–2020) pkt. 10.6.
3.3.3 Varigheit på opplæringa
I utgangspunktet skal opplæringa vare til deltakaren har nådd norskmålet sitt. Det er dermed framdrifta til deltakaren som styrer lengda på opplæringa. Dette er likevel avgrensa oppover til tre år for deltakarar som ikkje har minimum vidaregåande opplæring, og atten månader for deltakarar som har det, jf. integreringslova § 32 første ledd. Godkjende permisjonar utvidar denne perioden. For deltakarar som får opplæring i vidaregåande skole, inneber dette at deltakaren er ferdig med opplæringa etter integreringslova, men framleis kan ha rett til opplæring etter opplæringslova.
For deltakarar med opphaldsløyve som nemnt i integreringslova § 28 gjeld plikta til deltakaren har nådd norskmålet, eller til gjennomførte 300 timar, jf. integreringslova § 32 andre ledd.
3.3.4 Endring av norskmålet
Norskmålet blir sett ved oppstarten av opplæringa. Etter kvart som tida går, eller ved vesentlege endringar i livssituasjonen til deltakaren, vil det vere behov for å vurdere om minimumsnivået framleis er riktig. Etter integreringslova § 34, jf. § 15 sjette ledd, skal kommunen vurdere norskplanen eller integreringsplanen jamleg og ved vesentlege endringar i livssituasjonen til deltakaren. Norskmålet er ein del av norskplanen, og kommunen skal vurdere norskmålet når ein vurderer norskplanen.
I Prop. 89 L (2019–2020) punkt 10.3.4.1 legg departementet til grunn at minimumsnivået skal «justeres opp underveis dersom deltageren viser seg å ha en raskere progresjon enn antatt».
Dersom progresjonen er lågare enn forventa, må kommunen gi noko tid før ein vurderer å setje ned norskmålet. I vurderinga må kommunen blant anna sjå på progresjonen til deltakaren, motivasjon over tid, endring av livssituasjon, udokumentert fråvær og innsatsen til deltakaren. I Prop. 89 L (2019–2020) punkt 10.3.4.2 seier departementet vidare:
Vurderingen må ta utgangspunkt i at opplæringen skal tilpasses den enkelte, og at det først er når det foreligger forhold som det ikke kan tilpasses for, at deltagerens norskmål kan settes ned. Det må vurderes konkret om det å sette ned norskmålet kan få negative konsekvenser for fremtiden til den enkelte, og om dette veier tyngre enn den antatte byrden det vil være for vedkommende å oppnå norskmålet.
Kommunen er dermed forplikta til å gjere ei grundig og konkret vurdering før ein justerer ned norskmålet til ein deltakar.
3.3.5 Kommunen si opplysing av saka
Kommunen har ei generell rettleiingsplikt etter forvaltningslova § 11 og ei plikt til å opplyse saka etter forvaltningslova § 17. Rettleiinga skal gi deltakaren høve til å sikre interessene sine på best mogleg måte. Informasjonen frå kommunen må vere relevant og i ei slik form at deltakaren blant anna forstår kva eit minimumsnivå i norsk er, og kva betydning den tidlegare opplæringa hennar eller hans har for fastsetjinga av norskmål. God rettleiing er med på å skape tillit til forvaltninga og bidrar til å effektivisere saksbehandlinga ved at deltakaren får forståing for kva informasjon ho eller han bør bidra med for at saka blir opplyst så godt som mogleg.
Vedtak om opplæring i norsk og samfunnskunnskap, utarbeiding av norskplan og vesentleg endring av norskplan, jf. integreringslova §§ 30 og 34, er enkeltvedtak, jf. integreringslova § 46. Departementet uttaler at kommunen skal fastsetje norskmålet i samråd med deltakaren, jf. Prop. 89 L (2019–2020) punkt 10.3.4.2. Departementet seier vidare at sjølv med rammene i minimumsnivået er det viktig med medverknad frå deltakaren, sjå punkt 10.6.4:
Kommunens og deltagerens påvirkning på nivået ved utarbeidelse av deltagerens norskmål er derfor begrenset, men deltageren og kommunen skal sammen legge opp et opplæringsløp som gjør det mulig for deltageren å nå sitt norskmål. Det er viktig at kommunen sørger for at deltageren får relevant informasjon slik at vedkommende forstår betydningen og konsekvensene av at vedkommende forventes å nå sitt norskmål.
Lov om offentlige organers ansvar for bruk av tolk mv. (tolkelova) tredde i kraft 1. januar 2022. Formålet med lova er å sikre rettstryggleik og forsvarlege tenester for personar som treng bistand til å kommunisere forsvarleg med blant andre kommunen. Etter § 6 er kommunen pålagd å bruke tolk når «det er nødvendig for å ivareta hensynet til rettssikkerhet eller for å yte forsvarlig hjelp og tjeneste». I vurderinga av kva som er nødvendig, skal kommunen blant anna leggje vekt på alvorlegheita og karakteren til saka, og om samtalepartane kan kommunisere forsvarleg utan tolk. Kommunen må bruke tolk dersom det er nødvendig for at ein skal kunne kommunisere forsvarleg med deltakaren.
3.4 Krava til enkeltvedtak i forvaltningslova
Vedtak om introduksjonsprogram, vedtak om opplæring i norsk og samfunnskunnskap, utarbeiding av integrerings- eller norskplan og vesentleg endring av integrerings- eller norskplan, jf. integreringslova §§ 12, 15, 30 og 34, er enkeltvedtak, jf. integreringslova § 46. Enkeltvedtak skal følgje saksbehandlingsreglane i forvaltningslova.
Etter forvaltningslova § 16 skal deltakarar som ikkje «har uttalt seg i saken», varslast før kommunen gjer eit vedtak. Førehandsvarsling kan unnlatast dersom deltakaren «har fått kjennskap til at vedtak skal treffes og har hatt rimelig foranledning og tid til å uttale seg, eller varsel av andre grunner må anses åpenbart unødvendig», jf. forvaltningslova § 16 tredje ledd bokstav c. Deltakarane vil som hovudregel vere så inkluderte i prosessen med å gjere vedtak om introduksjonsprogram, vedtak om opplæring i norsk og samfunnskunnskap, utarbeiding av integrerings- eller norskplan eller vesentleg endring av integrerings- eller norskplan at det ikkje vil vere nødvendig med eit eige førehandsvarsel. Kommunen må vurdere om unntaket kjem til bruk, eller om ein må førehandsvarsle deltakaren.
Det er ikkje krav om å utarbeide norskplan for deltakarar der fylkeskommunen har ansvar for opplæringa i norsk og samfunnskunnskap. For denne gruppa skal opplæringa skje i samsvar med opplæringslova, og det er ikkje formålstenleg med eit eige krav til norskplan, jf. integreringslova § 34.
Enkeltvedtaket skal vere skriftleg, jf. forvaltningslova § 23. Skriftleg inkluderer også elektronisk melding når informasjonen i meldinga er tilgjengeleg også for ettertida, jf. forvaltningslova § 2 første ledd bokstav g.
Vedtaket skal vise til dei reglane i integreringslova som vedtaket byggjer på, og beskrive dei faktiske forholda, som for eksempel kartlegging og samtalar, som har hatt betydning for avgjerda, jf. forvaltningslova §§ 24 og 25. Kommunen kan samle lov- og forskriftstekst i eit vedlegg. Vedtaket bør innehalde hovudomsyna som har vore avgjerande ved utøving av forvaltningsmessig skjønn.
Vedtaket skal også innehalde informasjon om retten til å klage, klagefrist, klageinstans og kvar klagen skal sendast, jf. forvaltningslova § 27 tredje ledd. Kommunen kan ikkje setje eigne avgrensingar i klageretten, for eksempel ved å krevje at klagen må vere grunngitt.
Alle vedtak om inntak skal innehalde informasjon om retten til å sjå saksdokumenta, jf. forvaltningslova § 18.
4. Kontrollspørsmål
1 | Introduksjonsprogrammet |
---|---|
Kommunen skal setje eit sluttmål for deltakinga til den enkelte i introduksjonsprogrammet, jf. integreringslova § 13. | |
1.1 | Set kommunen eit konkret sluttmål for deltakinga til den enkelte i introduksjonsprogrammet? |
1.2 | Har kommunen fastsett sluttmålet i samarbeid med den enkelte deltakaren? |
1.3 | Er sluttmålet og varigheita på programmet i tråd med alderen og utdanningsbakgrunnen til deltakaren, og har kommunen sett til kompetansekartlegginga, karriererettleiinga, interessene og motivasjonen til deltakaren og dei langsiktige måla til deltakaren når dei har sett sluttmålet? |
1.4 | Vurderer kommunen forlenging når ein ser at deltakaren ikkje når sluttmålet sitt innanfor programtida? |
2 | Opplæring i norsk |
---|---|
Kommunen skal setje eit minimumsnivå for opplæringa den enkelte får i norsk, jf. integreringslova § 31, jf. integreringsforskrifta §§ 27 og 28. | |
2.1 | Set kommunen eit norskmål for den enkelte deltakaren ved oppstart av opplæringa? |
2.2 | Tar kommunen utgangspunkt i rettleiande minimumsnivå når ein set norskmål ved oppstart av opplæringa? |
2.3 | Sørgjer kommunen for opplæring i eit omfang og med ei varigheit som gjer at deltakaren oppnår norskmålet sitt? |
3 | Krav til enkeltvedtak |
---|---|
Kommunen skal sørgje for at enkeltvedtak er i samsvar med reglane i forvaltningslova om enkeltvedtak, jf. integreringslova § 46, jf. forvaltningslova §§ 18-19, 23-25, 27 og 32. | |
3.1 | Er enkeltvedtaket skriftleg? |
3.2 | Inneheld enkeltvedtaket ei grunngiving som viser reglane som vedtaket byggjer på, og dei faktiske forholda som er lagde til grunn? |
3.3 | Inneheld enkeltvedtaket informasjon om klagerett, klagefrist, klageinstans og framgangsmåte når deltakaren skal klage? |
3.4 | Inneheld enkeltvedtaket informasjon om retten til å sjå saksdokumenta? |
5. Relevante rettskjelder
5.1 Relevante lover og forskrifter
- lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova)
- forskrift til integreringsloven (integreringsforskrifta)
- lov om kommuner og fylkeskommuner (kommunelova)
- lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltningslova)
- lov om offentlige organers ansvar for bruk av tolk mv. (tolkelova)
5.2 Andre rettskjelder
Prop. 89 L (2019–2020) Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringsloven)
NOU 2019:5 Ny forvaltningslov – Lov om saksbehandlingen i offentlig forvaltning (forvaltningsloven)