Tverrsektorielt samarbeid i områdesatsing
Denne rapporten ser nærmare på korleis statlege velferdsaktørar samarbeider innanfor områderetta innsatsar. Rapporten ser òg nærmare på korleis erfaringar frå områdesatsingar kan lære oss noko om samarbeid blant statlege velferdsaktørar generelt.
Her er det sektorar som samarbeider i statleg koordineringsgruppe for Groruddalssatsinga (PG4) og Oslo Sør-satsinga, som deler sine erfaringar, det vil seie NAV Oslo, Husbanken, Utdanningsdirektoratet, Helsedirektoratet og IMDi.