Rett til utdanning?
Kommunane tolkar regelverket rundt introduksjonsprogram ulikt. Om grunnskuleopplæring blir rekna som gyldig del av eit introduksjonsprogram eller ikkje, varierer frå kommune til kommune, konkluderer forskarar i Fafo-rapporten "Rett til utdanning?".
Rapporten er skriven på oppdrag frå IMDi.
Ulike forståingar og vurderingar
Mange innvandrarar som er nye i landet, har verken grunnskule eller vidaregåande utdanning. Berre eit mindretal av dei får slik opplæring som ein del av det obligatoriske introduksjonsprogrammet etter at dei har kome til Noreg. Stadig høgare krav til formell utdanning gjer at personar utan formelle vitnemål stiller svakt i konkurransen med resten av arbeidsstokken.
Store forskjellar mellom kommunar
Det er store kommunale variasjonar i tilbodet i introduksjonsprogrammet. I Oslo får berre éin av ti av dei som manglar grunnskule, slik opplæring. I Sunndal får ni av ti dette tilbodet. Variasjonane i bruk av grunnskuleopplæring kjem av ulik forståing av regelverket, ulike vurderingar av kven som passar inn i tilbodet, lokale prioriteringar og til dels ei bevisst underformidling av tilbodet, konkluderer forfattarar av rapporten.
Ikkje ein del av intro
Uklarleikane er knytte til ei vurdering av kva som er "grunnleggjande kvalifisering", og om heiltidsgrunnskule kan reknast som eit fullverdig introduksjonsprogram. Ein av fire kommunar tolkar regelverket slik at grunnskuleopplæring og enkeltfag innan vidaregåande opplæring ikkje kan reknast som grunnleggjande kvalifisering og inngå i eit introduksjonsløp saman med andre tiltak.
Rapportforfattarane er ueinige i denne tolkinga. Dei meiner at det å gå på grunnskule på heiltid ikkje er nokon grunn til å skrive deltakaren ut av introduksjonsprogrammet.