Men det er store variasjonar i valdeltakinga blant dei ulike innvandrargruppene. Til dømes har innvandrarar frå Balkan utmerkt seg ved i liten grad å røyste ved val, medan innvandrarar frå India og Thailand har utmerkt seg med høg valdeltaking over tid.
Det er også stor variasjon i representasjonen av innvandrarar i dei folkevalde organa. Få har blitt valde inn på Stortinget, men fleire har blitt valde inn i by- og kommunestyra rundt om i landet.
Mange tiltak parallelt
For å oppnå auka valdeltaking må ein jobbe på fleire frontar parallelt. Ei viktig oppgåve er å formidle informasjon om valavvikling og om partia sine politiske bodskap. Dette er eit nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg arbeid for å få opp valdeltakinga.
Styresmaktene har sett i verk fleire tiltak for å auke valdeltakinga, både blant befolkninga generelt og blant innvandrarbefolkninga spesielt. IMDi arbeider med informasjons- og mobiliseringstiltak retta særskilt mot dei gruppene som har lågast valdeltaking, og mot førstegongsveljarar. Innvandrarbefolkninga er ei samansett gruppe, og kva som påverkar dei ulike gruppene sin motivasjon til å røyste, vil variere.
Kva er motiva?
Vi veit etter kvart mykje om kven av innvandrarbefolkninga som røystar, og korleis dei røystar. Delar av dei bakanforliggjande faktorane for røystegivinga er framleis lite utforska: Kva er motiva for å røyste eller for å la vere? Kva opplever personar med innvandrarbakgrunn som dei største barrierane for å delta ved val? Dette er forhold vi treng meir kunnskap om.