Forskningsbasert politikk?
For at dei som er utsette for tvangsekteskap og kjønnslemlesting, skal få best mogleg hjelp, er det viktig at politikken og tiltaka er kunnskapsbaserte. På oppdrag frå IMDi har Fafo samanfatta forsking på feltet og identifisert kunnskapshòl.
- Rapporten Forskningsbasert politikk? En gjennomgang av forskningen på tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og alvorlige begrensninger av unges frihet, og av de politiske tiltakene på feltet kan lastast ned på sidene til Fafo.
Funn frå rapporten:
- Evalueringar av forskjellige tiltak i liten grad undersøkt korleis dei som er utsette for tvangsekteskap eller kjønnslemlesting, sjølve oppfattar hjelpeapparatet.
- Norsk politikk og tiltak på tvangsekteskapsfeltet har i hovudsak vore baserte på forsking og evaluering av tidlegare tiltak. Tiltaka har vore konsentrerte om førebygging og hjelpetiltak.
- Den norske forskinga har så langt først og fremst forstått tvangsekteskap som eit spørsmål om kultur. Ho har i liten grad leitt etter andre moglege årsaksforklaringar, som til dømes sosiale og økonomiske forhold. Forskinga dokumenterer i svært liten grad perspektivet til foreldra når det gjeld arrangerte ekteskap og giftepress.
- Politikken og tiltaka mot kjønnslemlesting har primært vore baserte på medieoppslag om enkeltsaker og i liten grad på forsking. Mesteparten av forskinga på kjønnslemlesting har handla om somaliarar. Vi veit lite om synet på omskjering i andre grupper.
- Når det gjeld "alvorlige begrensninger av unges frihet"», har det blitt forska på i mindre grad. Det er eit omgrep som blei introdusert for å famne breidda i den problematikken som utsett ungdom fortel at dei opplever.