Rapport om folkehelse og integrering
Folkehelsefeltet og integreringsfeltet har fleire berøringspunkt – ikkje minst når det gjeld deltaking og livskvalitet. Det er eitt av funna i denne rapporten om integrering og folkehelse.
NIBR har på oppdrag frå Helsedirektoratet og IMDi gjennomført ein policy-analyse av folkehelse- og integreringsfeltet. Føremålet med oppdraget har vore å samanstille dei to politikkområda og identifisere berøringspunkt mellom dei både når det gjeld mål, styringsverkemiddel og implementering. Studien kastar lys over mellom anna kommunane sitt arbeid med å realisere politikkmåla for dei to felta, samt moglege synergiar av å sjå folkehelse og integrering i samanheng på kommunalt nivå.
I denne rapporten er integrering avgrensa til «sosial integrering» og definerast som den integreringa som skjer utanfor arbeidsmarknaden. Dette knyter saman det felles tematiske fokuset for folkehelse og integrering, nemlig fellesskap, tryggleik, deltaking og livskvalitet.
Rapporten baserer seg på sekundærlitteratur, dvs. føreliggande policy- og styringsdokument, samt forskingsrapportar og evalueringar. Rapporten inneheld også ti ulike eksempel som illustrerer korleis sentrale målsettingar på både folkehelse- og integreringsområdet kan realiserast og sameinast på tiltaksnivå i kommunane. Informasjonen i dei ulike eksempla er innhenta frå dei aktuelle kommunane.
Funn og læringspunkt
Rapporten viser at politikkområda folkehelse og integrering har ulikt tematisk fokus på ei rekke område, men at dei også har berøringspunkt. Ikkje minst når det gjeld deltaking og livskvalitet. Rapporten identifiserer fleire berøringspunkt og felles tiltaksområde:
- Friviljugheitas bidrag til folkehelse og integrering
- Tidleg innsats for å redusere fråfall frå vidaregåande skule
- Gratis kjernetid i barnehage
- Steds- og nærmiljøutvikling / områdeløft
- Tiltak mot barnefattigdom
- Tiltak mot alvorlege avgrensingar av unges fridom
Rapporten omtalar også likskapar og ulikskapar mellom folkehelse- og integreringsområdet når det gjeld styring, rammer og verkemiddelbruk. Den peiker på at dei to politikkområda kunne tene på å verte meir kjend med kvarandres mål og verkemiddelbruk, både for å styrke implementeringa på det einskilde området og for å styrke eventuelle felles tiltak og initiativ.
Rapporten peiker på at helsefremmingsperspektivet, som ser på bakanforliggande faktorar for helse og livskvalitet, slik som oppvekst og levekår, har eit stort potensial for å sameine politikk- og verkemiddelutforminga på dei to områda. Tiltaka som fremjar deltaking, helse og livskvalitet verkar ofte også integrerande.
Rapporten framheld at strategi- og planarbeidet bør styrkast på kommunalt nivå ved å sjå dei meir i samanheng.