Erfaringar frå forsøk med velferdslab i Asker kommune
Asker velferdslab handlar om samordning av kommunale tenester og heilskapleg bistand til innbyggjarar med samansette behov. Proba Samfunnsanalyse har kartlagt erfaringar frå tilsette og innbyggjarar som har vore involvert i velferdslab.
Asker velferdslab starta som eit prosjekt i 2013/2014. Målgruppene har så langt vore familiar med barn med nedsett funksjonsevne, familiar med levekårsutfordringar, og ungdom. Fleire av dei som har fått tenester har innvandrarbakgrunn.
Dei som blir tatt ut til å vere med i prosjektet, skal ha samansette behov og ha nytte av ein langsiktig plan med mål og tiltak. Dei skal også samtykke til å oppheve teieplikta mellom tenestene og forplikte seg til å bidra til å finne løysingar. I velferdslaben får dei eit investeringsteam som dei møter og er i kontakt med. Teamet består av tilsette frå de tenestene som er relevante for å løyse innbyggjarane sine problem, og kan tilpassast utover i oppfølgingsløpet. Dei tilsette skal ha myndigheit til å ta avgjersler som gjeld tenester og tiltak slik at utfordringar blir raskt løyste.
Hovudfunn og tilrådingar fra Proba:
- Gjennom velferdslab gir kommunen eit breitt spekter av tiltak til innbyggjarane: bistand til å sikre føreseieleg økonomi, bistand til å skaffe bustad, aktivitetar på dagtid, og tiltak knytt til barn slik som støttekontakt eller avlasting. I tillegg har fleire av ungdommane fått hjelp til å skaffe skule- eller lærlingplass.
- Som regel får ikkje innbyggjarane fleire eller andre tenester enn det dei elles ville hatt krav på, men tenestene er meir heilskaplege og tilpassa. Dette fordi tilsette frå mange tenester møtes og heile situasjonen blir vurdert under møta i velferdslaben.
- Det er døme på at innbyggjarar har fått tenester som elles ikkje blir gitt, noko som viser at teamet tenkjer kreativt. I desse tilfella er det ikkje snakk om dyre tenester.
- Innbyggjarane opplever i all hovudsak at møta i velferdslab fungerer godt. Metoden med å bruke ein arbeidsduk til kartlegging og føreslå tiltak og mål, bidrar til brukarmedverknad.
- I nokre situasjonar kan brukarane få mange forventningar mot seg når mange representantar for ulike tenester er samla i velferdslab. Forventningar om raske løysingar kan også føre til at ein går fort fram. Proba tilrår å ta omsyn til at brukarane kan vere sårbare og gjere nøye vurderingar av kven og kor mange som bør delta i investeringsteama.
- Fleire av brukarane er svake i norsk, noko som kan vere eit hinder for å forstå moglegheiter og plikter. Proba meiner at ein bør bruke tolk oftare enn det som er tilfelle i dag.
- For somme instansar kan det vere ei utfordring å gi dei tilsette i investeringsteama tilstrekkeleg myndigheit og fridom til å kunne bruke midlar. Proba tilrår at dersom det ikkje er mogleg å delegere myndigheit, bør leiarar sjølv stille.
- I enkelte tilfelle har det vore usemje om kva innbyggjaren si utfordring er, eller om finansiering av tiltak. Kartlegging av den enkelte sin situasjon bør derfor vere så grundig at den endar med eit felles syn på kva som er utfordringar og behov. Ved dyre tiltak treng ein løysingar som bidrar til å dempe silotenkinga rundt økonomi og budsjett.
- Det tar tid å forankre modellen sin tenkjemåte og arbeidsform hjå alle tilsette og leiarar.
- Somme av dei tilsette meiner at innbyggjaren bør ha ein viss kjennskap til norsk velferdssystem og kultur for å kunne delta i velferdslab. Somme meiner også at det kan vere vanskeleg for spesielt sårbare personar å delta i møta med mange fagpersonar samtidig. Proba si vurdering er at dersom modellen vert tilpassa den enkelte innbyggjar, vil mange brukargruppe ha nytte av den. Det vesentlege er at personen har alvorlege og samansette utfordringar, og samtidig ønskjer sjølv å medverke til å betre situasjonen sin.
IMDi og Husbanken har finansiert kartlegginga.