Kommunene fekk dekt utgifter til flyktninger

Rapporten frå berekningsutvalet for 2022 viser at kommunane i stor grad fekk dekt meirutgiftene til busetjing og integrering av flyktningar i dei fem åra kommunane får integreringstilskot.

Sist oppdatert: 9. mars 2024

Kommunane fekk meir enn dekte utgiftene dei hadde til einslege mindreårige. Kommunane fekk derimot i mindre grad dekt dei gjennomsnittlege utgiftene til opplæring i norsk og samfunnskunnskap.

- Trass i ei markant endring både i talet på og samansetning av målgruppa, og i fordelinga på årskull, var gjennomsnittsutgift per person og dekningsgrad for integreringstilskot, på same nivå i 2022 som i 2021. Forklaringa på dette er at medan nokre faktorar reduserte utgiftene per person, var det samtidig andre faktorar som auka utgiftene omtrent like mykje, seier Bjørn Holden som leier Beregningsutvalget.

- Auken i utgiftene til kommunane per person i målgruppa har vore vesentleg lågare dei siste 4 åra enn den generelle lønns- og prisauken målt ved kommunal deflator. Det tyder på at kommunane jobbar effektivt og greier å tilpassa kapasitet og tiltak til dei store volumsvingingane, seier Bjørn Holden.

- Spørsmålet er kva utgiftene blir i 2023 og 2024 når levekostnadene i samfunnet aukar, og mange kommunar etter kvart kan få vesentleg høgare bustadutgifter til nye flyktningar. Korleis det går med integreringa og overgang til arbeid har også mykje å seia.

Les mer og last ned rapporten

Fant du det du lette etter?