Automatisk utbetalte tilskudd:
Opplæring i norsk for voksne personer med kollektiv beskyttelse
Søknadsfrist
Løpende frist
Sist oppdatert: 03. februar 2025
For spørsmål knyttet til konkrete tilskuddssaker
Bruk kontaktsenter for IMDinett
For generelle spørsmål om tilskuddsordningen
- send e-post til digtil@imdi.no
- eller ring 400 01 960 – tastevalg 4
(tirsdag til torsdag mellom 09.00 og 11.30)
Kven er i målgruppa
- Personar mellom 18 og 67 år som har fått opphaldsløyve etter utlendingslova § 34, har rett, men ikkje plikt, til å delta i opplæring i norsk, jf. integreringslova § 37 d.
- Målet med persontilskotet § 37 d og tilskot til utvida norskopplæring er at kommunane og fylkeskommunane kan tilby opplæring i norsk til fordrivne frå Ukraina som ønskjer ei slik opplæring, etter integreringslova kapittel 6A. Tilskotet skal også gå til å gjennomføre prøver i norsk etter integreringslova § 37 d.
- Grunntilskotet er eit årleg tilskot og skal betre dei økonomiske rammevilkåra for små og mellomstore kommunar når det gjeld opplæring i norsk.
Korleis blir tilskota berekna
Felles for persontilskotet og grunntilskotet
- Den folkeregistrerte adressa (DSF) til den enkelte personen bestemmer kva som er bustadkommunen og tilskotsmottakar.
Persontilskot § 37 d
- Ein person kan utløyse persontilskot i maksimalt eit år.
- Dersom ein person flyttar mellom kommunar, blir tilskotet delt mellom til- og fråflyttingskommunen, basert på butida i den enkelte kommunen. Sjå rundskriv for detaljar.
- Dersom ein person deltar i vidaregåande opplæring på fulltid, blir tilskotet for perioden utbetalt til fylkeskommunen.
Utvida norskopplæring § 43 g
- Ein person kan utløyse tilskot til utvida norskopplæring i maksimalt to år á periodar på seks månader. Sjå rundskriv for detaljar
- Dersom ein person flyttar mellom kommunar, blir ikkje tilskotet delt mellom til- og fråflyttingskommunen
Grunntilskotet
- Grunntilskot blir utbetalte til kommunar som har 1–150 personar i berekningsgrunnlaget for tilskotet per 15. januar 2024.
- Personar med kollektiv beskyttelse er med i berekningsgrunnlaget for grunntilskotet i eit år.
- Det er ikkje krav om at eit vedtak må vere registrert, for å få utbetalt grunntilskotet, slik det er for persontilskotet.
Slik får kommunen tilskot
- Vedtak må registrerast i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) for at kommunen skal få utbetalt persontilskot for kategorien «Rett til norsk».
- Registrering må gjerast for alle personar, også for dei som flyttar til kommunen, og som kan ha fått opplæring i ein annan kommune tidlegare.
- Persontilskotet og tilskotet for utvida opplæring blir utbetalt tidlegast i kvartalet etter at vedtaket er registrert av kommunen. Tilskotet blir utbetalt automatisk for heile den perioden personen bur i kommunen, uavhengig av når vedtaket blei registrert.
Slik får fylkeskommunen tilskot
- Persontilskot § 37 d blir utbetalt automatisk til fylkeskommunen basert på registrering i NIR.
- Vedtak må registrerast av kommunen i NIR for at fylkeskommunen skal få utbetalt deler av persontilskotet.
- Dersom ein person deltar i vidaregåande opplæring på fulltid, blir tilskotet for perioden utbetalt til fylkeskommunen.
- Persontilskotet blir utbetalt tidlegast i kvartalet etter at vedtaket er registrert av kommunen.
Dette får kommunen i tilskot
- Persontilskotet § 37 d
- Utvida norskopplæring
TILSKOT |
SATS FOR PERSONAR FRÅ OMFATTA AV INTEGRERINGSLOVA § 37 D |
Persontilskot |
48 400 kroner |
Utvida norskopplæring |
28 600 kroner |
Når blir tilskotsmidlane utbetalde?
TILSKOTSTYPE |
TENTATIV UTBETALINGSDATO |
UTBETALINGA GJELD |
Persontilskot § 37 d |
Primo april |
Nye personar i målgruppa og som er registrert med vedtak om opplæring i NIR 01.01 - 31.03.24 |
Persontilskot § 37 d |
Primo juli |
Nye personar i målgruppa og som er registrert med vedtak om opplæring i NIR 01.04 - 30.06.24 |
Persontilskot § 37 d |
Primo oktober> |
Nye personar i målgruppa og som er registrert med vedtak om opplæring i NIR 01.07 - 30.09.24 |
Persontilskot § 37 d |
Medio desember |
Nye personar i målgruppa og som er registrert med vedtak om opplæring i NIR 01.10 - 31.12.24 |