Tilskot til:

Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak

Søknadsfrist

Løpende frist

Sist oppdatert: 03. februar 2025

Mål for ordninga

  • Tilskota skal bidra til at vertskommunar for mottak gjennomfører opplæring i norsk og samfunnskunnskap for asylsøkarar i mottak, slik at asylsøkarar raskt får kjennskap til norsk språk og samfunnsliv
  • Målet med tilskotsordninga er at asylsøkarar kan oppfylle sin plikt til å delta i 175 timar opplæring i norsk og 25 timar opplæring i samfunnskunnskap i mottak

Kven er i målgruppa

  • Asylsøkarar som bur i mottak, og som er over 18 år, har plikt til å delta i opplæring i norsk og samfunnskunnskap.
    Plikta gjeld ikkje dersom asylsøkaren
    • får søknaden sin behandla etter hurtigprosedyrar i Utlendingsdirektoratet
    • blir nekta å få asylsøknaden realitetsbehandla etter utlendingslova § 32
    • bur på ankomstsenter eller i transittmottak
    • har fått avslag frå Utlendingsdirektoratet på søknad om vern

Korleis blir tilskota berekna

  • Tilskota er ein fast sats og blir utbetalte til vertskommunen der asylsøkarane bur i mottaka.
  • Personar kan berre utløyse tilskota éin gong.
  • Dersom ein person flyttar mellom kommunar, blir tilskota delte likt mellom til- og fråflyttingskommunen. Denne delinga skjer berre éin gong.

Slik får kommunen tilskot

Tilskota blir utbetalte automatisk. Det skjer tidlegast i kvartalet etter at personar i målgruppa er registrerte inn i ordinært mottak.

Dette får kommunen i tilskot

  • Asylnorsk: 16 700 kroner
  • Samfunnskunnskap i mottak: 2 400 kroner

Når blir tilskotsmidlane utbetalte

Planlagd utbetaling:

April: Utbetalinga gjeld nye personar i målgruppa 1.1 - 31.03.2024

Juli: Utbetalinga gjeld nye personar i målgruppa 1.4 - 30.06.2024

Oktober Utbetalinga gjeld nye personar i målgruppa 1.7 - 30.09.2024

Desember: Utbetalinga gjeld nye personar i målgruppa 1.10 - 31.12.2024

Rundskriv