1. Innleiing

Tilskotsordninga består av tilskot til opplæring i norsk (asylnorsktilskot) og tilskot til opplæring i norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak (kulturtilskot).

IMDi har ansvaret for å forvalte tilskotsordninga.

2. Mål for ordningane

2.1. Mål

Målet med tilskotsordninga er at asylsøkarar kan oppfylle sin plikt til å delta i 175 timar opplæring i norsk og 50 timar opplæring i norsk kultur og norske verdiar i mottak etter introduksjonslova § 20 a og tilhøyrande forskrift.

Tilskota skal bidra til at vertskommunar for mottak gjennomfører opplæring i norsk og norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak, slik at asylsøkarar raskt får kjennskap til norsk språk, kultur og samfunnsliv.

2.2. Tilskotsmottakar

Tilskotsmottakarar er vertskommunar for mottak. Med «mottak» meinast her ordinært mottak, integreringsmottak eller alternativ mottaksplassering (tilpassa butilbod etter avtale med Utlendingsdirektoratet). 

2.2.1 Målgruppe

Asylsøkarar over 16 år som bur i mottak og er registrert inn i mottaket etter 1. september 2018, unntatt: 

  • asylsøkarar som er omfatta av 48-timers-prosedyren.
  • asylsøkarar som er omfatta av Dublin-prosedyren (også mogleg Dublin-prosedyre).
  • asylsøkarar over 18 år som har vorte nekta realitetsbehandling av søknad om opphaldsløyve.
  • asylsøkarar som har fått vedtak av Utledningsdirektoratet  om avslag eller innvilga søknad om opphaldsløyve.

3. Kriterium for måloppnåing

Asylsøkarar som har plikt til å delta i opplæring i norsk og opplæring i norsk kultur og norske verdiar i mottak gjennomfører opplæring.

4. Tildelingskriterium

4.1. Vilkår for tildeling

Basert på data i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) blir tilskotet utbetalt automatisk til tilskotsmottakarar.

Dersom tilskotsmottakar meiner å ha krav på tilskot som ikkje er utbetalt, kan tilskotsmottakar melde frå om dette til IMDi via Kontaktsenter for IMDinett.

4.2. Berekningsreglar

Inngangen til målgruppa er ved registrering inn i mottak. Tilskot utbetales éin gong per asylsøkar som er i målgruppa.

4.3 Utbetaling av tilskot

For personar som kjem inn i målgruppa i 2019, blir tilskot utbetalt tidlegast i kvartalet etter at personar kjem inn i målgruppa.

Satsen for tilskot for opplæring i norsk er 13 700 kroner. Satsen for tilskot til opplæring i norsk kultur og norske verdiar er 3 900 kroner.

Tilskota vert utbetalt medio mai, medio august og medio november. For personar som kjem inn i målgruppa i 4. kvartal 2019, vil tilskot verte utbetalt medio februar 2020.

Tabellen nedanfor syner planlagte utbetalingsdatoar av tilskot i 2019:

Utbetalingsdato Utbetalinga gjeld
15. mai 2019 Nye personar i målgruppa 01.01.-31.03.2019
15. august 2019 Nye personar i målgruppa 01.04.-30.06.2019
15. november 2019 Nye personar i målgruppa 01.07.-30.09.2019
15. februar 2020 Nye personar i målgruppa 01.10.-31.12.2019

Etter utbetaling av tilskot, sender IMDi tilskotsbrev til kommunen sitt elektroniske postmottak. Kommunen kan også sjå detaljerte opplysningar om utbetalte tilskot i NIR.


4.4. Deling av tilskot mellom kommunar ved flytting

Dersom personar som er i målgruppa for tilskota flytter til eit mottak i ei anna kommune i tilskotsåret, vil tilskotet automatisk delast likt mellom frå- og tilflyttingskommunen. Denne delinga skjer berre éin gong.

5. Oppfølging og kontroll

Opplysningar som er naudsynte for å gjennomføre, følgje opp og evaluere opplæring i norsk og norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak i samsvar med introduksjonslova, skal registrerast av kommunen i Nasjonalt introduksjonsregister (NIR) jf. introduksjonslova § 25 a. I forskrift om behandling av personopplysningar etter introduksjonslova er det fastsett kva for opplysningar kommunen skal registrere, og kommunen skal registrere desse opplysningane innan to månadar.

Kommunen skal ikkje leggje fram særskild rekneskap for tilskot til norskopplæring i norsk og opplæring i norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak. Dersom kommunen gjennomfører opplæringa til ein lågare kostnad enn det tilskotet dei har motteke, kan kommunen halde på tilskotet.

IMDi og Riksrevisjonen kan setje i gang kontroll med at midlane vert nytta etter føresetnadane jf. Bevilgningsreglementet § 10 annan ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

6. Evaluering

Departementet og IMDi skal sørge for at det gjennomførast evalueringar for å få informasjon om tilskotsordningar er effektive i høve til ressursbruk, organisering og fastsette mål. Frekvens og omfang av evalueringar skal ta utgangspunkt i ei vurdering av risiko og vesentlegheit for den enkelte tilskotsordning, herunder kor omfattande og viktig tilskotsordninga er, kvalitet og omfang av øvrig rapportering og i kva for grad det er mogleg å beskrive dei årlege resultata. Evalueringar må bli vurdert i samanheng med krava som blir stilt til rapoortering frå tilskotsmottakar. 

7. Ansvar for å forvalte tilskotsordninga

IMDi har ansvar for å forvalte tilskotsordninga. Dette inneber at IMDi har ansvar for å:

  • kunngjere ordninga
  • utbetale tilskot
  • utarbeide tilskotsbrev

8. Kunngjering av ordninga

8.1. Kunngjeringsform

IMDi skal kunngjere tilskotsordninga på direktoratet sin nettside etter at retningslinjene er godkjent av Kunnskapsdepartementet.

8.2 Innhaldet i kunngjeringa

Kunngjeringa skal informere om ordninga og blant anna formidle følgjande:

  • målsetting for ordninga
  • tildelingskriterium, dvs. vilkår som må vere oppfylt for at tilskotet skal kunne bli utbetalt

9. Klagereglar

Tildeling av tilskot og krav om tilbakebetaling av tilskot til opplæring i norsk og norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak, er ikkje å rekne som enkeltvedtak i samsvar med forvaltningslova (fvl.) § 2 første ledd bokstav b. Tilskuddsmottaker har difor ikkje klagehøve på korkje tildeling eller krav om tilbakebetaling av tilskot jf. fvl. §§ 3 første ledd ledd og 28. Elles gjeld forvaltningslova sine saksbehandlingsreglar.

10. Registrering av tilskot, reskontroføring, attestasjon og anvisning

IMDi har ansvar for å:

  • registrere tilsagn om tilskotsbeløp slik at IMDi har oversikt over inngåtte forpliktelsar
  • følgje bestemmelsane om bokføring og økonomistyring i Bestemmelser om økonomistyring i staten

11. Foreldingsfrist

Den alminnelege foreldingsfristen er tre år rekna frå den dagen kommunen har rett til å krevje å få tilskotet, eller frå det tidspunktet kommunen tidlegast har rett til å krevje tilskotet utbetalt, jf. foreldelseslova §§ 2 og 3.