Tilsynsinstruks 2022 - 2025 (nynorsk)
IMDi har utarbeidd ein kort tekst om formålet med tilsynet og to versjonar av dei rettslege krava for «differensiering av introduksjonsprogram og opplæring i norsk». Kortversjonen kan brukast i opningsbrev eller andre stader der statsforvaltaren ønskjer å gi ei kort beskriving av dei rettslege krava i tilsynet.
Den fullstendige versjonen er til bruk i tilsynsrapportane. Statsforvaltaren kan også bruke han som eit vedlegg til opningsbrevet eller andre stader. Ein kan dele teksten opp i mindre delar i rapportane, dersom det er formålstenleg.
Målet med integreringslova er at innvandrarar tidleg skal integrerast i det norske samfunnet og bli økonomisk sjølvstendige. Lova skal bidra til at innvandrarar får gode norskkunnskapar, kunnskap om norsk samfunnsliv, formelle kvalifikasjonar og ei varig tilknyting til arbeidslivet.
Ved å tilpasse opplæringa til den enkelte deltakaren får deltakaren eit betre utbytte av opplæringa og kan raskare nytte seg av opplæringa. Brot på integreringslova kan ha konsekvensar for rettstryggleiken til deltakarane. Det kan også ha samfunnsøkonomiske konsekvensar gjennom at den enkelte blir forseinka i overgangen til utdanning og arbeid.
Forseinkingar kan føre til at det tar lengre tid før deltakaren blir økonomisk sjølvstendig. Slike forseinkingar kan bety auka offentlege utgifter til nye kvalifiseringstiltak eller meir sosialhjelp. Samtidig tar det lengre tid før samfunnet kan nytte seg av dei ressursane som nytilkomne innvandrarar utgjer.
Tilsynet skal medverke til å auke etterlevinga av lova og vere eit bidrag til arbeidet kommunen gjer med å sikre kvaliteten i tenesteproduksjonen.
Ein viktig del av integreringa av innvandrarar i det norske samfunnet er kjennskap til og kompetanse i norsk språk og samfunnskunnskap. Formell kompetanse er ein viktig nøkkel til økonomisk sjølvstende og ei varig tilknyting til arbeidslivet. Kommunen er ansvarleg for introduksjonsprogram og opplæring i norsk, jf. lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova) kapittel 4 og 6.
Etter integreringslova kan, og i nokre tilfelle skal, innvandrarar delta i introduksjonsprogrammet, jf. kapittel 4, eller opplæring i norsk, jf. kapittel 6. Opplæringa skal skje innanfor rammene som er fastsette i regelverket, men tilpassa til den enkelte deltakaren basert på ei kartlegging og ei vurdering av kompetansen til den enkelte. Denne differensieringa av opplæringa og innhaldet i introduksjonsprogrammet skal bidra til at den enkelte får eit opplegg og ein kompetanse som er best mogleg tilpassa til behova ho eller han har. Temaet for tilsynet er om kommunen si forvaltning av integreringslova tilfredsstiller krava etter §§ 13 og 31, om sluttmål og varigheit i introduksjonsprogrammet og i norskopplæringa.
Vedtak om introduksjonsprogram, vedtak om opplæring i norsk, utarbeiding av integrerings- eller norskplan og vesentleg endring av integrerings- og norskplan er enkeltvedtak, og skal følgje saksbehandlingsreglane i forvaltningslova, jf. integreringslova § 46. Det inneber blant anna at vedtaka skal innehalde informasjon om klagerett, klagefrist, klageinstans og framgangsmåte ved klage, jf. forvaltningslova kapittel VI.
Ein viktig del av integreringa av innvandrarar i det norske samfunnet er kjennskap til og kompetanse i norsk språk og samfunnskunnskap. Formell kompetanse er ein viktig nøkkel til økonomisk sjølvstende og ei varig tilknyting til arbeidslivet. Kommunen er ansvarleg for introduksjonsprogram og opplæring i norsk, jf. lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova) kapittel 4 og 6.
Etter integreringslova kan, og i nokre tilfelle skal, innvandrarar delta i introduksjonsprogrammet, jf. kapittel 4, eller opplæring i norsk, jf. kapittel 6. Opplæringa skal skje innanfor rammene som er fastsette i regelverket, men tilpassa til den enkelte deltakaren basert på ei kartlegging og ei vurdering av kompetansen til den enkelte. Denne differensieringa av opplæringa skal bidra til at den enkelte får eit opplegg og ein kompetanse som er best mogleg tilpassa til behova ho eller han har. Temaet for tilsynet er om kommunen si forvaltning av integreringslova tilfredsstiller krava etter §§ 13 og 31, om sluttmål og varigheit i introduksjonsprogrammet og i norskopplæringa.
Introduksjonsprogrammet skal bidra til å dekkje gapet mellom kompetansen den enkelte deltakaren har frå før, og kompetansen som arbeidslivet spør etter, eller som er nødvendig for overgangen til vidare utdanning. Grunnlaget for innhaldet i introduksjonsprogrammet til den enkelte er ei kartlegging av kompetansen hennar eller hans, jf. integreringslova § 10. Kommunen skal sørgje for at språkkunnskapar, eventuell tidlegare utdanning, arbeidserfaring og annan relevant kompetanse blir kartlagt.
Kommunen skal sørgje for oppstart og gjennomføring av introduksjonsprogrammet.
Kommunen skal gjere eit vedtak om introduksjonsprogram og utarbeide ein integreringsplan for den enkelte, jf. integreringslova §§ 12 og 15. Kommunen skal involvere deltakaren når ein utarbeider planen. Opplæring i norsk og samfunnskunnskap og kurs i livsmeistring skal vere ein del av programmet. Deltakarar som har barn under 18 år, eller som får barn i løpet av programmet, skal i tillegg delta på kurs i foreldrerettleiing. Elles skal planen bestå av arbeids- eller utdanningsretta element. Planen skal innehalde sluttmål, norskmål, omfanget av opplæringa i norsk og samfunnskunnskap, varigheit, beskriving av dei ulike elementa i programmet og klagemoglegheiter. Planen er ikkje statisk, kommunen skal vurdere han jamleg og ved vesentlege endringar i livssituasjonen til deltakaren.
Sluttmålet skal vere individuelt for den enkelte. Deltakaren og kommunen skal ha som felles mål at deltakaren når sluttmålet. Sluttmålet skal dermed vere realistisk å oppnå innan programtida, så konkret som mogleg og reflektere kva deltakaren skal oppnå i introduksjonsprogrammet. Sluttmålet får betydning for blant anna varigheita av programmet. Integreringslova § 13 gir føringar for kva nivå sluttmålet bør vere på, ut frå alderen og utdanninga til deltakaren, og for varigheita av programmet. Kommunen kan forlengje programmet noko, dersom ein har grunn til å forvente at deltakaren vil nå sluttmålet med ei forlenging, jf. integreringslova § 13 femte ledd.
For personar som ikkje har fått ei kompetansekartlegging før busetjing, skal kommunen sørgje for kompetansekartlegginga, jf. integreringslova § 10. Kommunen er ansvarleg for introduksjonsprogrammet, og veit kva opplysingar han har behov for i arbeidet sitt.
For deltakarar med formell kompetanse som kan vere på minst vidaregåande nivå, skal kommunen vurdere om utdanninga til deltakaren tilsvarer vidaregåande nivå i Noreg. Det er ikkje eit krav om at den enkelte må leggje fram dokumentasjon på utdanninga si. Gjennom kompetansekartlegging og karriererettleiing har kommunen fått informasjon om kompetansen til deltakaren, og kommunen må vurdere om deltakaren har gjort sannsynleg at ho eller han har kompetanse på minimum vidaregåande nivå. Kommunen kan for eksempel vurdere kompetansen opp mot utdanning som kan gi generell studiekompetanse i Noreg slik det er beskrive i GSU-lista (generell studiekompetanse for utanlandske søkjarar). For deltakarar med utdanning tilsvarande vidaregåande nivå eller høgare er utgangspunktet at sluttmålet bør vere at deltakaren skal kvalifisere til høgare utdanning eller arbeid, definert ned til ein bransje. Programmet skal som hovudregel vare mellom tre og seks månader, og kan i nokre tilfelle forlengjast.
Sluttmålet for deltakarar under 25 år utan utdanning på minimum vidaregåande nivå skal som hovudregel vere at deltakaren fullfører vidaregåande opplæring. Programmet skal som hovudregel vare mellom tre månader og tre år.
For andre deltakarar skal sluttmålet vere at deltakaren kjem i arbeid eller fullfører delar av eller heile grunnskolen eller vidaregåande opplæring. Programmet skal som hovudregel vare mellom tre månader og tre år.
Kommunen skal gjere vedtak om introduksjonsprogram og utarbeide ein integreringsplan, jf. integreringslova §§ 12 og 15. Integreringsplanen skal som minimum innehalde sluttmål, norskmål, beskriving av opplæringa i norsk og samfunnskunnskap, varigheit og elementa i programmet til deltakaren.
Undervegs i introduksjonsprogrammet kan det vere behov for å endre sluttmålet, for eksempel dersom deltakaren viser raskare progresjon enn forventa. Terskelen for å justere sluttmålet ned ved mangelfull progresjon er høgare enn for å justere sluttmålet opp ved raskare progresjon. Ved mangelfull progresjon må kommunen først vurdere tilrettelegginga av tilbodet og ha tett oppfølging av deltakaren.
Opplæring i norsk etter integreringslova kapittel 6 har eigen læreplan, krav til varigheit og omfang og eigen prøve. Kommunen skal sørgje for tilbod om opplæring i norsk for deltakarane, med unntak av personar i fulltid vidaregåande opplæring. For denne gruppa er fylkeskommunen ansvarleg for opplæringa. Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for opplæring slik at deltakarane oppnår eit minimumsnivå i norsk.
Deltakarane skal oppnå eit minimumsnivå i norsk, jf. integreringslova § 31. Dei ulike nivåa er beskrivne i forskrift til integreringslova (integreringsforskrifta) § 26. Norskferdigheitene er klassifiserte i nivå frå A til C, der nivå A1 er lågast og nivå C1 høgast. § 28 i forskrifta gir vidare eit utgangspunkt for kva nivå den enkelte som minimum bør oppnå, basert på kva utdanningsbakgrunn personen har frå før. Dersom deltakaren har raskare eller treigare framgang enn forventa, skal minimumsnivået justerast.
Kommunen skal gjere vedtak om opplæring i norsk og samfunnskunnskap og utarbeide ein norskplan. Det skal ikkje utarbeidast ein norskplan for personar i fulltid vidaregåande opplæring.
Opplæringa i norsk varer som hovudregel til deltakaren har nådd minimumsnivået, men avgrensa til tre år, jf. integreringslova § 32. For enkelte grupper er varigheita kortare.
Vedtak om introduksjonsprogram, vedtak om opplæring i norsk og samfunnskunnskap, utarbeiding av integrerings- eller norskplan og vesentleg endring av integrerings- eller norskplan, jf. integreringslova §§ 12, 15, 30 og 34, er enkeltvedtak, jf. integreringslova § 46. Enkeltvedtak skal følgje saksbehandlingsreglane i forvaltningslova.
Enkeltvedtaket skal vere skriftleg, jf. forvaltningslova § 23.
Vedtaket skal vise til dei reglane i integreringslova som vedtaket byggjer på, og beskrive dei faktiske forholda som har hatt betydning for avgjerda, jf. forvaltningslova §§ 24 og 25. Vedtaket skal også innehalde informasjon om retten til å klage, klagefrist, klageinstans og kvar klagen skal sendast, jf. forvaltningslova § 27 tredje ledd. Kommunen kan ikkje setje eigne avgrensingar i klageretten, for eksempel ved å krevje at klagen må vere grunngitt.
Alle vedtak skal innehalde informasjon om retten til å sjå saksdokumenta, jf. forvaltningslova § 18.