Studieforbundet
Opent for alle
Mål og målgruppe
Kursa retter seg særleg mot folk i Noreg som treng lære meir norsk. Kursa skil seg frå eit vanleg språkkurs der det er kun ein lærar. Lokallaget/bygda mobiliserer som snakkepartnarar/ekstra kurslærarar/tilretteleggjarar under kurskveldane for å bidra til best mogleg språkutvikling.
Om tiltaket
Kurs i lokale lag og foreiningar er ein god måte å bli kjent i eit lokalsamfunn. Gjennom å motivere lokallaga i medlemsorganisasjonane våre til å halde planlagde, inkluderande kurs, vil vi skape møteplassar for nettverk, fellesskap og språktrening. Kursa kan vere i den aktiviteten laget elles driv med, men skal tilpassast deltakaren med mindre norskferdigheiter og kunnskap om det norske samfunnet.
Organisering, samarbeid og økonomi
Gjennom merksemd på dette, ønskjer vi at alle kursa som blir arrangert skal bli enda meir opne og inkluderande, og målet vårt er 120 slike kurs over ein tre-årsperiode. Lokale kurs vil bli nytta som arena for å styrke språkkompetanse, inkludering og samfunnskunnskap, enten gjennom å skape inkluderingsarena til ordinære kurs, eller opprette eigne inkluderingskurs. Dette kan til dømes gå føre seg gjennom teater, dans, handverk, med aktivitetar som sykurs, matlaging, manusutarbeiding, strikking, med meir.
Vi har ambisjonar om å gradvis auke andelen inkluderingskurs frå 30 kurs fyrste året, så 40, og til 50 kurs tredje året, geografisk spreidd over heile landet. Dette skal vere lågterskeltilbod der språktrening og samfunnsforståing vil vere hovudfokus, bakt inn i ei brei kursportefølge i tråd med aktivitetane i medlemorganisasjonane våre.
Tilskot dersom laget held eit Opent for alle-kurs:
- Det ordinære timetilskotet på kr 98,- pr time
- Tilretteleggingstilskot for eventuelle utgifter med tanke på tilrettelegging. Dette kan vere utgifter til for eksempel tolk, transport, dekt kursavgift, materiell, barnepass, ekstra lærarar med meir.
Slik kjem du i gang
Dette arbeidet er i utgangspunktet tenkt gjort gjennom kurs som allereie står på blokka i organisasjonen. Lokale kurs vil bli nytta som arena for å styrke språkkompetanse, inkludering og samfunnskunnskap, enten gjennom å skape inkluderingsarena til ordinære kurs, eller opprette eigne inkluderingskurs. Dette kan til dømes gå føre seg gjennom teater, dans, handverk, med aktivitetar som sykurs, matlaging, manusutarbeiding, strikking, med meir. Studieforbundet kan bidra med å setje lokallaga i kontakt med viktige samarbeidspartnarar som til dømes flyktningkonsulentar, frivilligsentralar og andre ressurspersonar, men også skape kontakt mellom lokallag i same situasjon for å kunne dele erfaringar, samt lære av kvarandre.
Lenker for meir informasjon
Flere videoar av tiltaket i praksis:
Åpent for alle - Studieforbundet kultur og tradisjon (video)
Ull på norsk (video)
Frå nettsida kan ein sjå eksempelfilmar og laste ned brosjyrar og materiell
(kulturogtradisjon.no)
Kontaktinformasjon
Navn: Kristin Teigen Stasviken
Stilling og arbeidsstad: Rådgjevar, Studieforbundet kultur og tradisjon
Telefon: 918 41 263
E-post: kristin@kulturogtradisjon.no