Oslo Røde kors

    Sist oppdatert: 23. februar 2025

    Oslo Røde Kors´ turgruppe på migrasjonsfeltet arrangerer turar i Oslo-området annakvar søndag for vaksne med flyktning- og innvandrarbakgrunn.

    Mål og målgruppe

    Målet med turtilbodet er å fremje sosial inkludering, skape tryggleik og gi kunnskap om storbysamfunnet. Målgruppa er flyktningar, arbeidsinnvandrarar og familiesameinte.

    Om tiltaket

    «Det er ikkje alltid vi lærer norsk gjennom å lese i ei bok. Vi går turar og snakkar med dei frivillige. Dei fortel og lærer oss nye ting. Vi lærer om norsk kultur, natur og historie. Vi går turar og blir kjende med nye stader i Oslo», fortel ein av deltakarane i turgruppa.

    Aktivitetsleiaren i Røde Kors, David Aas Correia, fortel at det er sunt og viktig å nytte seg av naturen vi har. Og ein blir kjend med ulike stader i Oslo som ein fint kan oppleve saman med andre.

    Turgruppa har blant anna vore i Frognerparken, i Ekebergparken, på Teknisk museum og på ulike turar i marka.

    Aktiviteten er open for alle uavhengig av kjønn, alder og forkunnskapar, både som frivillig og som deltakar. Både i forkant, under og etter turane bruker dei WhatsApp som kommunikasjonskanal. «Dette skal vere ein lågterskelaktivitet, og på denne måten kan vi nå deltakarane og dei frivillige på ein enkel måte», seier David.

    Aktivitetsleiaren meiner at turtilbodet er ein fantastisk måte å bli kjend med folk på, og du får sjå kva Oslo har å tilby av utan- og innandørsaktivitetar. Du ser også kor enkle og tilgjengelege desse aktivitetane kan vere. Målet er å skape ein inngangsport til opplevingar som mange kanskje ikkje hadde valt å gjere aleine.  

    Organisering og samarbeid

    Turgruppa er eit lågterskel turtilbod med mål om å skape ein inngangsport til gode by- og naturopplevingar.

    Kva tid er det tur? Det er tur annakvar søndag i Oslo-området heile året, frå kl. 12.
    Varigheit: Kvar tur varer mellom 2 og 3 timar avhengig av turdestinasjonen.
    Kor går turen? Informasjon om turane blir gitt i god tid før neste tur via WhatsApp.

    Turgruppa er organisert som ein underaktivitet i aktiviteten Flyktningguiden Oslo Røde Kors. Dei tar godt imot alle i målgruppa som ønskjer å bli med. Flyktningguiden samarbeider med NAV for å rekruttere deltakarar.

    Slik kjem du i gang

    Vil du bli kontakta av Oslo Røde Kors for å få vite meir om tilbodet og korleis du kan bli med? 

    Når du har meldt interesse og registrert deg, blir du kontakta slik at du kan få meir informasjon om tilbodet. Dersom du ønskjer det, blir du lagt til i ei WhatsApp-gruppe anten som deltakar eller som turguide.

    All informasjon om tilbodet blir gitt av turansvarleg via WhatsApp .

    Lenkjer

    Har du lyst til å gå tur eller spele fotball?

    Kontaktinfo

    Navn: Trond Sivertsen

    Stillingstittel: Migrasjonskoordiator 

    E-post: trond.sivertsen@redcross.no