Styrkar kunnskapen om kvinners juridiske rettar

    Sist oppdatert: 23. februar 2025

    Å vite kva rettar ein har i Noreg, er ein føresetnad for å hevde sin rett på lik linje med andre. Juridisk rådgivning for kvinner (JURK) og jussambassadørane deira styrkar den juridiske kompetansen hos polske og thailandske kvinner.

    Mål og målgruppe

    Målet er at kvinner frå Thailand og Polen, som ikkje har rett og plikt til å delta i introduksjonsordninga, får tilpassa opplæring i ulike rettsområde. Slik blir dei kjende med kva rettar og plikter dei har i Noreg, og dermed betre i stand til å hevde rettane sine og til å ta opplyste og frie juridiske val.

    Om tiltaket

    JURK bruker «train the trainers»-modellen, som inneber at ressurspersonar frå thailandske og polske kvinneforeiningar i heile landet kvart år møtest til eit seminar som tar for seg eit juridisk tema. I løpet av seminaret får dei opplæring i å halde eit standardisert foredrag, og dei får utdelt brosjyrar om temaet. I etterkant held jussambassadørane foredrag og spreier informasjonsmateriell i sine eigne kvinnenettverk. JURK reiser også ut til ulike lokallag for å halde foredrag, gir oppdatert informasjon og tar imot konkrete saker frå ambassadørane eller frå kvinner i nettverket deira. Ambassadørane får løpande oppfølging per telefon, e-post eller møte.

    Informasjonsmateriellet til jussambassadørane baserer seg både på langvarig erfaring og på forsking om å spreie rettsinformasjon til minoritetskvinner. Sidan JURK blei etablert i 1974, har dei formidla rettsinformasjon til kvinner og etablert solid kunnskap om korleis ein på best mogleg måte kan nå innvandrarkvinner.

    Temaa som JURK gir opplæring i, blir valde på bakgrunn av innspel frå jussambassadørane om kva problemstillingar kvinnene i dei polske og thailandske miljøa er opptatt av. Det bidrar til at jussambassadørane får relevant kompetanse, og at informasjonen dei formidlar vidare, er relevant for målgruppene og i tråd med behova deira.

    Jussambassadørane blir i hovudsak rekrutterte gjennom jussambassadørar som allereie er knytte til Jussambassadør-prosjektet. I tillegg oppsøker JURK arenaer der kvinnene oppheld seg, som f.eks. foreiningar og organisasjonar, norskopplæringsklassar, nettverkssamlingar, kvinnekafear og offentlege kontor.

    Organisering og økonomi

    JURK driv Jussambassadør-prosjektet med tilskotsmidlar frå IMDi. JURK er ei frivillig og ideell foreining som er knytt til Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Generalforsamlinga er det øvste organet deira. Generalforsamlinga vel styremedlemmer, vedtar vedtektsendringar og behandlar budsjett og rekneskap. Styret har mellom anna ansvar for lønns- og tilsettingsvilkår for dagleg leiar, behandlar budsjett og rekneskap, fastset strategi for verksemda, med meir.

    Jussambassadør-prosjektet er forankra i JURKs strategi (2019–2022). Prosjektet blir leidd av ein prosjektleiar som er tilsett i JURK. Ho har det overordna ansvaret for prosjektforvaltninga.

    IMDi støtter prosjektet gjennom tilskuddsordningen «Tilskudd til integreringsarbeid i regi av frivillige organisasjoner» som lyses ut årlig.

    Resultat

    Jussambassadørane når kvinner som på grunn av språklege barrierar eller manglande kjennskap til norsk regelverk vegrar seg for å søke hjelp sjølve. Dei ville truleg ikkje søkt juridisk hjelp på eiga hand. Jussambassadørane har god kulturforståing og eit stort nettverk. Derfor kan dei formidle rettsinformasjon på ein måte som er godt tilpassa dei polske og dei thailandske kvinnenettverka. Dette bidrar til sterkare nettverk og hjelp til sjølvhjelp.

    Kvinner frå Thailand og Polen blir betre i stand til å hevde rettane sine og til å ta opplyste og frie juridiske val.

    Målgruppa bur spreidd i heile Noreg, frå Troms og Finnmark til Agder fylke. Takk vere eit godt samarbeid med jussambassadørane har JURK spreidd informasjon til svært mange kvinner over heile landet.

    Lenker

    Kontakt

    Namn: Veronika Wiese

    Stilling og arbeidsstad: Fagrådgivar i JURK og prosjektleiar for Jussambassadør-prosjektet

    Telefon: 95 91 80 63

    E-post: veronika@jurk.no