Årsrapport for busetting 2018

I 2018 vart det busett til saman 4903 flyktningar. Ved utgangen av året var det 582 personar i mottak som venta på busetting – det lågaste talet på elleve år.

Utgitt: 8. februar 2019

Årsrapporten tek for seg tal for busette flyktningar i 2018 og flyktningar i mottak per 31.12.2018. Denne sida gir eit overblikk over hovudtrekka i rappporten.

NØKKELTAL FOR BUSETTING AV FLYKTNINGAR
KategoriTal 2018Tal 2017
Familiar med born 3 541 6 170
Einslege vaksne 875 3 495
Einslege mindreårige 194 759
Familiar utan born 266 601
Totalt (inkl. personar med skjerma identitet) 4 903 11 078

Busette flyktningar

  • I 2018 vart det busett til saman 4 903 flyktningar. Dette er 6 175 færre enn i fjor.
  • 72 prosent av dei busette i 2017 var del av ei familieeining. Dette er ei auke på 11 prosentpoeng samanlikna med 2017. 
  • 42 prosent vart busett frå mottak, 51 prosent var overføringsflyktningar, og 8 prosent oppheldt seg utanfor mottakssystemet før busetting.
  • Dei største nasjonalitetsgruppene blant alle busette flyktningar er syrarar (50 prosent), kongolesarar (15 prosent) og eritrearar (12 prosent). 
  • Gjennomsnittleg ventetid for alle som vart busett i 2018 ligg på 4,9 månadar. Dette er ein nedgang på 0,1 månadar frå ventetida i 2017.
  • Einslege vaksne ventar stadig kortare frå vedtak om opphald til busetting. I snitt var ventetida deira 4,9 månadar. Ventetida har gått ned frå 5,3 månadar i fjor.
Henter figur...

Einslege mindreårige

  • Busettinga av einslege mindreårige var rekordhøg i 2016, med 1 599 busette. Til samanlikning var behovet for busetting av denne gruppa meir enn halvert i 2017; samla vart det busett 759 einslege mindreårige. I 2018 vart det busett 194 einslege mindreårige.
  • 159 vart busatt av IMDi, og 35 vart busatt av Bufetat. Som hovudregel busetter IMDi einslege mindreårige over 15 år, medan Bufetat busetter dei under 15 år.
  • Blant busette einslege mindreårige er det afghanarar (58 prosent), eritrearar (19 prosent) og syrarar (11 prosent) som er dei største gruppene.
  • 63 prosent venta på busetting i under 3 månadar. Dette er ei positiv trend som har haldt fram frå 2017.

Flyktningar i mottak

  • Ved utgangen av 2018 var det 582 personar i mottak som venta på busetting. 131 av dei var tildelt ein kommune, og venta på å flytte til kommunen.
  • Talet på flyktningar i mottak som ventar på busetting er på det lågaste nivået sidan IMDi vart oppretta i 2006. Dette heng mellom anna saman med låge innkomstar av asylsøkjarar. Talet på busettingsklare er venta å halde seg lågt i tida framover.
  • Syrarar var den største nasjonalitetsgruppa også blant flyktningar på mottak (24 prosent). Deretter kjem eritrearar (23 prosent) og afghanarar (14 prosent).  Blant de 23 busettingsklare einslege mindreårige var afghanarar den største gruppa (43 prosent).

Se flere rapporter om

bosetting og IMDis arbeid.

Fant du det du lette etter?