Skal førebyggja kriminalitet blant unge menn

I område utsett for kriminalitet skal det bli fleire sosiale møteplassar og aktivitetar for gutar og unge menn. No kan frivillige organisasjonar søkja om pengar til førebyggjande tiltak.

Publisert: 01. mars 2025, Sist oppdatert: 01. mars 2025

I 2025 har regjeringa sett av ni millionar kroner til dette formålet. Lag og foreiningar som ønskjer å bidra, kan søkja Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) om pengar til tiltak.

Her finn du retningslinjer, rammer og søknadskriterium for tilskotet.

Fristen for å søkja er 13. mars.

Viktig for unge og familiane deira

Ifølgje Arbeids- og inkluderingsdepartementet er målsetjinga «å førebyggja kriminalitet og rekruttering til kriminelle miljø i utsette område, gjennom å etablera trygge og inkluderande sosiale møteplassar og aktivitetstilbod for gutar og unge menn».

– Viss me saman kan sørgja for at færre blir rekrutterte til kriminalitet, er det veldig meiningsfullt. Det betyr mykje for dei unge sjølv, for familiane deira, for lokalmiljøet og samfunnet, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

Departementet understrekar at tiltaka «skal vera eit supplement, og ikkje ein konkurrerande aktivitet, til eksisterande fritidstilbod i lokalmiljøet».

Treng krav og kjærleik

Adnan Naeem er blant dei som helsar tiltaket velkommen. I 2024 vart han tildelt prisen «årets eldsjel» under Idrettsgallaen, for det store engasjementet sitt for ungdom på Romsås i Oslo.

– Dette er viktig. Me treng ikkje berre aktivitetar, men også fleire samlingsplassar for barn og unge. Stader i nabolaget der dei kjenner tilhøyrsel og tryggleik, seier Naeem.

Han meiner det er viktig med lokal forankring, og med vaksne rollemodellar som gutane kan sjå opp til. Naeem trur det finst mange lokale krefter der ute, som er gode på relasjonsbygging, og som kan gjera ein solid innsats.

– Det er viktig med nokre nøkkelpersonar frå same område, som kjenner miljøet godt, og som både foreldre og ungdommane vil snakka med. Nokon som kan sjå desse gutane i auga, som kan stilla krav til dei, og gi dei kjærleik, seier han.

Samlingar som skaper samhald

Kvar fredag opnar Naeem dørene til idrettshallen på Romsås. Heile ettermiddagen og kvelden kryr det av barn, ungdom og unge vaksne, som kjem innom. Her har dei ein møteplass der dei kan driva med sport, eller berre vera sosiale saman.

– Me er eit par vaksne og fleire ungdommar som er aktivitetsleiarar. Her møtest me, snakkar saman, og kan hjelpa og vera i forkant viss nokon har ein dårleg dag. Sånne samlingar på tvers av alderskull skaper samhald og tilhøyrsel i nabolaget, seier han.