Oppmoding om busetting for 2025

Oppmodningsbreva for 2025 vart sendt ut til aktuelle kommunar i slutten av november 2024.

Publisert: 06. desember 2024, Sist oppdatert: 04. april 2025

Svarfristen for dei 344 kommunane som vart oppmoda om å busette flyktningar i 2025 var 14. mars. 

Behovet for busetting i 2025 vart ved utsending av oppmodingsbrevet i november berekna til å være om lag 18 900. 

I mars kom det oppdaterte prognosar frå berekningsgruppa for utlendingsforvaltinga. Måltalet for busettingsbehovet for 2025 er deretter satt til 15 740.Sjølv om busettingsbehovet er lågare enn tidlegare år, er det framleis stort. 

Av dei15 740 er det venta at 752 vil vere einslege mindreårige utan følgjeperson. Og busettingsbehovet for denne gruppa er høgare enn i 2024, og fleire nye kommunar er difor oppmoda om å busette einslege mindreårige utan følgjeperson i 2025. 

Fordelinga av busettingsbehovet per kommune er fastsett av IMDi, i samråd med kommunanes sentralforbund (KS), og etter tilråding frå fylkeskommunen.  

Busettingsbehovet gjeld for heile året og flyktningane kommer frå både Ukraina og frå andre konfliktområde. 

Kommunane har gjort ein viktig innsats i arbeidet med busetting og integrering av flyktningar, og det er avgjerande at vedteke busettingsplassar bli gjort tilgjengelege for busetting slik at flyktningar kan busettast.