Oppmoding om busetting for 2024

I november 2023 bad IMDi kommunane om å ta imot til saman 37  000 flyktningar i 2024. Og per august i år har kommunane fatta i overkant av 28 200 busettingsplassar for i år.  

Sist oppdatert: 27. august 2024

På tidspunktet der oppmodinga gjekk ut synte prognosane at behovet for busetting i 2024 var berekna til å vere om lag 37 000 personar. I løpet av fyste halvår av 2024 har det kome noko færre flyktningar enn forventa, difor er har det vore nødvendig å gjera en justering knytt til kva behov ein har for busetting i år.  

Behovet for busetting av flyktningar vart difor justert ned til 29 000 flyktningar i juni 2024. 

Behovet for busetting av flyktningar er framdels stort. Kommunane har vist ei svært positiv busettingsvilje sidan krigen i Ukraina braut ut og kommunane har gjort ein viktig innsats i arbeidet med busetting og integrering av flyktningar.  

Det er uvisst kor lenge krigen i Ukraina vil vare og kor mange som vil kome til Noreg, men det er venta at innkomstane vil vere store også i tida framover. Noreg skal samstundes busette flyktningar som kjem til Noreg frå andre konfliktområde i verda. 

Kommunane har ei nøkkelrolle når det gjeld Noregs handtering av det som er den største massefluktsituasjonen i vår tid. Busettingsplassane som blir vedtatt og gjort tilgjengeleg for busetting er avgjerande for Noregs samla evne til å ta hand om flyktningane som kjem til landet. 

Se status over talet på vedtak, nasjonalt og på kommunenivå (Bosettingstall 2024) 

Sjølv om innkomstane totalt sett har gått ned, har det skjedd ei auke av einslege mindreårige utan følgjeperson, og den største gruppa er ukrainske gutar mellom 15 og 17 år. Dette er ei endring frå det vi har sett før, då mange av dei ukrainske einslege mindreårige kom saman med følgjeperson, eller dei hadde slektningar som allereie budde i Noreg. Behovet for busetting av einslege mindreårige vart difor justert opp frå 610 til 655 og fleire kommunar har allereie fatta nytt vedtak om busetting denne gruppa.    

Fordelinga av busettingsbehovet per kommune er fastsett av IMDi, i samråd med kommunanes sentralforbund (KS), og etter tilråding frå fylkeskommunen.  

Anmodning for 2024 (per 10. november)

37 000 personer er antallet flyktninger kommunene er anmodet om å bosette

356 kommuner er anmodet om bosetting.

610 er antallet enslige mindreårige uten følgeperson kommunene er anmodet om å bosette.

57 kommuner er anmodet om bosetting av enslige mindreårige uten følgeperson

Fordeling av talet på plassar i kommunane

Arbeids- og inkluderingsdepartementet har fastsett kriteria som legg føringar for korleis det nasjonale busettingsbehovet skal delast mellom kommunane i 2024. Det vert lagt størst vekt på kapasiteten og tenestetilboda i kommunane, samt 

Følgjande kriterium vert lagt til grunn:

  • Busetting av flyktningar skal vere styrt og spreidd
  • Busetting av flyktningar skal vere treffsikker

Det skal tas omsyn til tenestetilbodet, særleg for barn og unge, og moglegheit for arbeid og utdanning i regionen.

  • Busetting av flyktningar skal skje raskt

Det sjåast hen til kommunane sin kapasitet til rask opp- og nedbygging av tenester. Det skal sjåast hen til om kommunane busett flyktningar raskt etter at avtale om busetting er inngått.

  • Det skal leggast størst vekt på kommunane sin kapasitet, samt tenestetilbodet og arbeidsmarknaden i regionen.

Fylkeskommunane har kome med anbefalingar om kor mange flyktningar som bør busettast i kvar kommune i lys av det nasjonale busettingsbehovet. Kommunesektorens organisasjon (KS) har gitt innspel og tilslutnad til fordelinga.   

Oppmodingsbrev til kommunane vart sendt ut 10.november 2023.

Alle oppmodingstal på kommunenivå

Korleis vert oppmodingstalet fastsett? 

Kor mange flyktningar IMDi ber den enkelte kommune ta imot kvart år er basert på eit framtidig behov for busetting. Det er Nasjonalt utval for busetting som fastsett dette behovet på bakgrunn av: 

  • prognosar over talet på asylsøkjarar til Noreg 
  • prognosar over talet på innvilga asylsøknadar 
  • prognosar over talet på overføringsflyktningar 

Kva tyder oppmodingstalet? 

I oppmodinga ber IMDi den einskilde kommune busette eit konkret tal på flyktningar. 

  • Oppmodinga skil ikkje mellom flyktningar frå ulike nasjonalitetar.
  • Oppmodinga skil ikkje mellom flyktningar som vert busett frå mottak, alternativ mottaksplass eller privatbuande flyktningar i Noreg eller overføringsflyktningar som kjem direkte til kommunen frå utlandet, sidan desse gruppene skal møte same tilbod i kommunen.  
  • Talet på einslege mindreårige flyktningar er spesifisert fordi busetting av denne gruppa forutset eit tilpassa apparat i kommunane. Det gjeld berre for dei einslege mindreårige som kjem åleine utan følgje av slekt og vener. Prognosane for busetting for einslege mindreårige som kjem åleine er 610 personar for 2024.
  • I tillegg kjem einslege mindreårige som kjem i fylgje med slekt eller vener. Dei busettast som hovudregel med dei vaksenpersonane som dei kjem saman med, og inngår difor ikkje i oppmodingstalet for einslege mindreårige.  
  • Familiemedlem til flyktningar som får familieinnvandringsløyve vert som regel ikkje busett med offentleg hjelp og inngår difor ikkje i oppmodinga.  

Kva skal kommunen gjere? 

På bakgrunn av IMDi si oppmoding, fattar kommunen vedtak om å busette ei konkret tal på flyktningar og eventuelt einslege mindreårige flyktningar.  

I svaret på oppmodinga om busetting i 2024, ber vi om at de tek omsyn til følgjande:  

  • Det må kome tydeleg fram av vedtaket kor mange flyktningar kommunen vedtek å busette i 2024.  
  • Vedtaket kan ikkje inkludere familiegjenforeina eller innehalde andre reservasjonar.  
  • Vi ber om ei vurdering av kor mange fleire flyktningar, av desse einslege mindreårige, kommunen potensielt kan busette i 2024 om behovet aukar. 
  • Vi ber om ei vurdering om kva som skal til for å oppretthalde høg kapasitet for busetting i kommunen.  

Frist for å svare på oppmodinga er 25. feburar 2024.

  • Viss fristen ikkje kan møtast, ber vi om tilbakemelding om når saka kan handsamast i kommunen.
  • Vi legg til grunn at busettinga i kommunen kan fortsette i påvente av politisk handsaming i kommunen. 

Slik registrerer kommunen vedtaket

Fant du det du lette etter?